Vikingtidas begynning – handel og plyndring
Velkomne til foredrag i Dyvekes vinkjeller med forskar i arkeologi, Irene Baug.
Hovedinnhold
Forskar i arkeologi, Irene Baug, held føredraget «Vikingtidas begynning – handel og plyndring».
Allereie før vikingtid blir dagens Noreg ei kjelde for ettertrakta handelsvarer i Europa, og handelen er ein aktivitet som aukar i løpet av dei neste århundra og inn i mellomalderen. Noreg har hatt rike og store utmarksområde med eit breitt spekter av naturressursar, og produkt som jern, pelsverk, gevir og ulike steinprodukt – til dømes brynesteinar – utgjorde viktige handelsvarer som vart distribuert over store område.
Det arkeologiske materialet viser spor av gjentakande og fredelege kontaktar. Kva var det då som fekk folk til å sette segl og reise vestover mot engelske, irske og skotske område for å plyndre? Med andre ord, kva var det som starta vikingraida mange i dag gjerne forbind med vikingtid?
Alle er velkomne og det er gratis inngang!