Landslovens Prolog i eit internasjonalt perspektiv
Velkomne til foredrag i Dyvekes vinkjeller med postdoktor i rettsvitskap, Brage Thunestvedt Hatløy.
Hovedinnhold
Postdoktor i rettsvitskap, Brage Thunestvedt Hatløy, held foredraget«Landslovens Prolog i eit internasjonalt perspektiv».
Magnus Lagabøters landslov av 1274 var den første riksdekkande lovboka i norsk rettshistorie, og var gjeldande lov i over 400 år. Til lova høyrer det ein tekst som vert kalla Landslova sin prolog eller fortale, som er skriven som eit brev frå kong Magnus Lagabøter. Denne teksten er ikkje del av lova, men står likevel saman med lova i så nær som alle handskrifter. Fortalen skildrar innhaldet og strukturen i lova samt korleis lova vart til, og gir dermed eit innblikk i korleis kongen sjølv ville at lesaren skulle forstå både innhaldet i og prosessen bak lova.
Fortalen til Landslova skriv seg samtidig inn i ein europeisk lovgivingstradisjon, der kongar og keisarar lenge hadde lagt ved prologar, fortalar, stadfestingsbrev og andre tilsvarande tekstar til sine lover. Fortalane gav lovgivarane anledning til å forklare behovet for lovene og tankerekkene som låg bak lovenes innhald, og på den måten gi lovene autoritet og legitimitet. Gjennom å samanlikne Landslova sin fortale med dei andre europeiske fortalane og studere likskapane og skilnadane, får ein fram fleire viktige og interessante sider ved det norske lovarbeidet.
Alle er velkomne og det er gratis inngang!