Rettarbøtene i Landslova: Møtet mellom gammal og ny rett i 1274
Velkommen til foredrag om rettarbøtene i Landslova ved Brage Thunestvedt Hatløy, postdoktor ved Det juridiske fakultet
Hovedinnhold
Postdoktor ved Det juridiske fakultet Brage Thunestvedt Hatløy held foredraget Rettarbøtene i Landslova: Møtet mellom gammal og ny rett i 1274.
Kong Magnus Lagabøtes landslov av 1274 inneheld både gammal og ny rett. Lova inneheld på den eine sida reglar som er kjende frå eldre rett, føresegner som vart vidareførte og tilpassa den nye lovboka. På den andre sida braut Landslova tydeleg med det som er kjent frå eldre rett på einskilde stadar.
I føredraget skildrar postdoktor Brage Thunestvedt Hatløy forholdet mellom gammal og ny rett i Landslova, med utgangspunkt i ei samanlikning av Landslova og den eldre Gulatingslova for Vestlandet. Dei vestnorske reglane om handel og tjuveri ser ut til å ha lagt til grunn for arbeidet med Landslova, men me finn også tydelege skilnadar.
Landslova førte også til lik rett i heile Noreg, og det står tydeleg i lova at den inneheld reglar frå alle landets eldre lovbøker. Der dei regionale lovene tidlegare var ulike, vart dei med Landslova likare.
Føredraget vil vise korleis Landslova ber preg av eit omfattande reform- og redigeringsarbeid, der reglar frå heile landet har komme saman, samtidig som ein har freista å gjennomføre endringar i retten.
Alle er velkomne og det er gratis inngang!