Hjem
Middelalderklyngen
Foredrag

Farmannalova av 1276

Kom og høyr litt om skips- og sjørett i mellomalderen! Når var eit skip sjødyktig? Kven skulle dekka tapet om ein måtte kasta last over bord? Jens Eike Schnall, førsteamanuensis i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen, held føredrag.

Utsnitt fra den håndskrevne Farmannaloven
Farmannalova frå 1276 er ei omfattande sjølov som inneheld mange reglar om skipsfart og handelsreiser. Bildet viser fyrste del av lova i den islandske Skarðsbók Jónsbókar (AM 350 fol.) frå 1363.
Foto/ill.:
Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum, Reykjavík.

Hovedinnhold

Førsteamanuensis i norrøn filologi, Jens Eike Schnall, held føredraget Farmannalova av 1276. 

For sjøfarande kjøpmenn, sildefiskarar og andre handelsmenn utvikla det seg i tidleg mellomalder ein rett som regulerte livet på handelsplassar og i byar i Norden: Bjarkøyretten.

Seinare blei det kodifisert sjølover rundt om i Europa nesten samtidig. I Noreg fekk vi Farmannalova, som ein tidlegare trudde var ein del av same tekst som kong Magnus Lagabøte si bylov for Bergen frå 1276. Farmannalova er ei omfattande sjølov som inneheld mange reglar om skipsfart og handelsreiser.

Alle er velkomne og det er gratis inngang!