Hjem
Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Forskning

Slik samarbeider MatNat-institutta

Forsking på fakultetet skjer i stor grad innan disiplinar. Ei ny analyse av dei 10 siste åra med innbyrdes samarbeid på fakultetet avdekkar fleire interessante trekk.

Samarbeid

Hovedinnhold

- Dei viktigaste samarbeida er mellom Institutt for informatikk og Molekylærbiologisk institutt. Så fylgjer samarbeida mellom Institutt for biologi (“Bio”) og Molekylærbiologisk institutt (MBI). Deretter Bio og Institutt for geovitskap, seier Knut Børve, leiar ved Kjemisk institutt.

To av desse samarbeida svarar til organisatoriske einingar, høvesvis CBU (Computational Biology Unit) og Senter for geobiologi. Samarbeidet mellom Bio og MBI er også forventa ut frå fagleg skyldskap og nær samlokalisering.

Nye tal

Tida for synsing er forbi etter at Børve nytta publiseringsdata for å analysera korleis det innbyrdes samarbeidet på MatNat-fakultetet eigentleg går føre seg. Analysen vart lagt fram på ei leiarsamling på fakultetet knytt til arbeidet med Scenario 2030-prosessen i haust.

- Talet på vitskaplege sampublikasjonar kan vere eit nyttig mål på omfanget av fagleg samarbeid mellom to einingar. Ein slik indeks er målbar, kvantitativ og vil ha høg aksept blant forskarar. Ulempene er hovudsakleg dei same som ved annan bruk av teljekantar innan forsking.

Fleire døme

- Eg finn at MBI samarbeider godt med mange. I tillegg til Biologi og Informatikk, har dei eit betydeleg samarbeid med Kjemisk. For Kjemisk er MBI og Fysikk og teknologi (IFT) dei viktigste sampubliserande institutta.

Dagens samarbeid kan óg peike ut potensielle partnarinstitutt for utvida samarbeid. Her trekk Børve fram Biologi og Fysikk og teknologi.

- Fysikk og teknologi sampubliserer også med Matematisk - men overraskande nok - i liten grad med Geofysisk institutt. Dei er meir orienterte mot Matematisk og Geovitenskap, seier Børve.

- Strukturen er vellukka

- For sju av dei åtte MatNat-institutta er det berre fire til åtte prosent av forskingsartiklane som har medforfattar frå eit anna institutt ved MatNat-fakultetet.

Unnataket er Molekylærbiologisk institutt:

Nær ein av fire artiklar har medforfattar frå Institutt for informatikk, Institutt for biologi, eller frå Kjemisk institutt.

- Tala tyder på at meste av forskinga skjer innan disiplinar, og at instituttstrukturen er vellukka at den forstand at han er tilpassa det meste av eksisterande forskingssamarbeid. Ei alternativ tolking er at svært mykje av forskinga vår involverer internasjonale og nasjonale miljø med komplementær kompetanse, som kan vere både innan og mellom disiplinar, tenkjer Knut Børve.