News
Karrierepris til Kundan Kumar
Førsteamanuensis Kundan Kumar er tildelt prisen Society for Industrial and Applied Mathematics/Geosciences Early Career Prize for 2017.
![Kundan Kumar](https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/styles/content_main/public/media/img_1792_2.jpg?itok=ZryoJem8×tamp=1579194807)
HEIDRA MED KARRIEREPRIS: Førsteamanuensis Kundan Kumar er tildelt prisen SIAG/Geosciences Early Career Prize.
Hovedinnhold
Publisert: 16.03.2017
Kundan Kumar er førsteamanuensis ved Matematisk institutt ved UiB.
Society for Industrial and Applied Mathematics/Geosciences Early Career Prize vert delt ut annankvart år. Eit av krava til å få prisen er at prisvinnaren må ha skapt eit viktig bidrag til geovitskapen. Dette bidraget eller deler av det skal ha vore publisert i eit fagfellevurdert tidsskrift.
For at prisen skal gå til forskarar som er tidlege i karrieren sin, krev ein at publiseringa skal vere maksimum tre år etter endt doktorgrad.