Hjem
Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Nyheter

– Viktig å rekruttere dei unge

Olje- og energiminister Terje Søviknes vitja Universitetet i Bergen og fekk presentert forsking på energi og klimaløysningar. Ministeren er oppteken av å rekruttere dei unge til feltet.

ORIENTERING I HØGDEN: Dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet Helge K. Dahle (til høgre) orienterte olje- og energiminister Terje Søviknes om planlagte satsingar og forskingsbygg,
Foto/ill.:
Jens Helleland Ådnanes, UiB

Hovedinnhold

– Er det ein felt der dei unge kan påverke framtida vår og klimaet er det innan desse felta, sa olje- og energiminister Terje Søviknes.

Han fortalde at regjeringa i løpet av året skal setje ned eit ungdomspanel, for å få hjelp til å rekruttere dei unge til utdanningar innan klima og energi.

Både forskarar og studentar ved Det matematisk-naturvitskaplege og Det samfunnsvitskaplege fakultet møtte olje- og energiministeren.

Instituttleiar ved Geovitskap, Gunn Mangerud, informerte om petroleumsatsinga på MatNat.

– Ein av dei viktigaste hovudleveransane instituttet leverer er våre unge, som skal tenke nytt og finne nye måtar å gjere ting på, sa Mangerud.

Professor Martin Fernø fortalde om korleis forskinga ved Institutt for fysikk og teknologi mogeleggjer både auka olje- og gassutvinning og lagring av CO2.

Møtte studentar og forskarar

I alt åtte studentar fortalde Søviknes om si forsking innan feltet klima og energi. Mellom anna fortalde masterstudent i matematikk Martin Sandanger Dugstad korleis matematikarane hjelper geologane til auka forståing.

Forskar Camilla Løhre la fram si forsking, mellom annan om korleis ein kan hente biodrivstoff frå granspon.

Besøkte hundreåring

Søviknes vitja også Geofysisk institutt, som fyller hundre år i 2017. Helge Drange, professor ved Bjerknessenteret for klimaforsking, tok mot ministeren.

Forskar ved Geografisk institutt, Håvard Haarstad, orienterte om Centre for Climate and Energy Transformation.

Besøket på Universitetet vart avslutta med eit besøk i toppen av Geofysen, der Søviknes fekk utsikt til dei planlagte forskingsklyngene. Dekan Helge K. Dahle orienterte ministeren om planane for det nye energi-teknologiske bygget (EnTek) ved UiB.