Hjem
Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Nyheter

Britisk biolog vert æresdoktor ved UiB

Biologen Katherine Jane Willis er utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Bergen.

kathy_willis
ÆRESDOKTOR: Kathy Willis vert æresdoktor ved UiB. Biologen er forskingsdirektør ved Kew Gardens, og har vore tilknytt UiB.
Foto/ill.:
Kew Gardens

Hovedinnhold

Fredag 5. mai 2017 held Universitetet i Bergen (UiB) ein eigen seremoni for nye æresdoktorar. Kvart fakultet får sin æresdoktor.

Biologen Katherine Jane Willis er Det matematisk-naturvitskaplege fakultet sin æresdoktor. Willis er biolog, og er professor i biodiversitet ved Department of Zoology ved Universitetet i Oxford. Ho har tidlegare vore professor II ved UiB, og vore tilknytt forskingsgruppa Ecological and Environmental Change Research Group (EECRG). Gruppa vart leia av professor emeritus John Birks, som nyleg fekk det prestisjefylte ERC Advanced Grant.

Engasjert formidlar

Willis er også forskingsdirektør ved Royal Botanic Gardens i Kew, eit omfattande hageanlegg med store botaniske drivhus i London. Som forskingsdirektør var ho med på å lansera Kew Gardens sin forskingsstrategi, som lanserte ein årleg ”helsesjekk” for plantelivet i verda. I tillegg jobbar ein for å publisere all informasjon om dei kjente plantetypane i verda på nett.

Willis har presentert ein serie på 30 episodar på BBC, der Storbritannia si botaniske historie vart utforska med utgongspunkt i Kew Gardens.

Forskar i langtidsperpektiv

Som forskar har Willis sett nærare forholdet mellom dynamikken i økosystem og klimaendringar i eit lengre tidsperspektiv. Ho meiner at ein lengre perspektiv er naudsynt for å forstå korleis framtidige økosystem vil reagere på miljøendringar. Forskinga hennar har difor gått ut på å rekonstruera korleis økosystem svarar på miljøendringar over tidsperiodar mellom tiår og millionar av år.

Willis har vunne fleire prisar, mellom dei The Michael Faraday Prize i 2015. Den prestisjefylte britiske prisen går årleg til ein forskar som har utmerka seg innan forskingskommunikasjon.