Hjem
Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Nyheter

Små bitemerke gir ny kunnskap

Plastilina-åmer plassert rundt heile verda avslører kvar det er størst og minst sjanse for å verta eten. UiB-forskar Vigdis Vandvik var med i felten, og er medforfattar på ein artikkel som no er publisert i det vitskaplege tidsskriftet Science.

Plastelina-åmer i ørkenen
LARVE-IMITASJON: Fleire tusen larver av plastelina vart plasserte ut i det globale forskingseksperimentet. Vigdis Vandvik sitt område var i Arizona, USA.
Foto/ill.:
Vigdis Vandvik

Hovedinnhold

Det er fleire artar i tropene enn det er rundt polane. Tyder det at samhandlinga mellom artane aukar nær Ekvator?

Eit internasjonalt forskingsteam plasserte ut fleire tusen plastilina-åmer for å finne svaret. Fleire forskarar samarbeida, og limte leike-larvene på planter ute i naturen 31 stadar over heile verda, frå Grønland til Australia. Ved å måle kor mange av åmene som vart angripe av  predatorar, til dømes maur og fuglar, fann forskarane svaret.

Tropiske åmer og andre dyr lever farligare enn dei i kaldare strok – ei åme nær ein pol har berre ein åttandedels sjanse til å verta eten, samanlikna med dei nær ekvator. Det er altså mykje høgare predasjonstrykk, og dermed og meir konkurranse om byttedyra i tropiske strøk. Forskingsresultata viste også at det same mønsteret viser seg når en flyttar seg langs høgdegradientar - frå havnivå og opp til fjells– dess høgare opp ein kjem, dess mindre risiko for å bli eten opp.

Talde bitemerke

Vigdis Vandvik, professor ved Institutt for biologi ved Universitetet i Bergen (UiB) var i Arizona på forskningstermin då ho fekk spørsmål om å vere med på dette prosjektet. Ho svarte ja, og var snart ute i ørkenen med plastilina-åmene.

– Vi hadde et standardisert oppsett som vi følgde uansett kor på jordkloden vi jobba: vi valde først ut ein vanleg plante til vertsplante, deretter laga vi oss nokre linjer, eller gradientar, i ørkenen og så stoppa vi på faste punkt langs desse gradientane og limte åmane fast til eit bestemt antall blad av den næraste vertsplanten. Etter eit bestemt antall timar kom vi tilbake, og talde bitemerke. Slik kan vi få gode, og ikkje minst samanliknbare, data på risikoen for å bli eten innanfor eit standardisert tidsvindauge, seier Vandvik.

Ho fortel at ein kan finne ut kven som tok eit jafs av plastilinaen ved å undersøke bitemerka.

– Fuglar lagar større nebbforma eller V-forma bitemerke, medan maur lagar mindre og parallelle skrapemerke. Sniglar lager, naturlig nok, litt utflytande sklimerke.  Åmene hang stort sett på same staden vi plasserte dei, rovdyra finn raskt ut at dette ikkje var noko å tygge meir på, seier ho. Åmene vart også samla inn og sendt tilbake til forskingsteamet i Helsinki for kontroll.

Et åmer og held verda grøn

Etter datainnsamlinga har forskarane analysert data frå heile verden, diskutert resultata og forfatta artikkelen, som no er publiserte i det anerkjente vitskaplege tidsskriftet Science. I alt var 40 forskarar frå 21 land med på prosjektet. Kvar forskar vart tilsendt åmer, laga av den same grøne plastilinaen, frå prosjektleiaren i Finland. Til og med limet som festa larvene til blada var den same, for å sikre at dei hadde same lukt og utsjånad.

– Prosjektet handlar ikkje berre om åmenes liv og lagnad, men også om kvifor verda er grøn, korleis økosystema fungerer og om kva og kven som vert etne. Predasjon på planteetarar er viktig for at plantene ikkje skal verta fullstendig etne opp, og forskingsresultata fortel noko om dynamikken i næringsnetta i naturen under forskjellige klimatilhøve, seier professoren.

Nyskapande forskingsform

Vandvik er planteøkolog, og ho arbeider stadig oftare med forskingsmetoden distribuerte eksperiment. Det tyder at ein bruker svært kontrollerte metodar til å samle data frå mange  forskjellige stader i verda.

– Tradisjonelt har kvar av oss gjort eksperimenta våre på ein stad, og så har vi samanlikna resultata i ettertid. Problemet med dette er at det er vanskeleg å generalisere i ettertid – det kan vere mange små ting som er forskjellige mellomeksperimentoppsetta, og vi kan ikkje vite om det er disse metodiske tinga eller om det er det vi eigentleg er interessert i, økologien, som gir opphav til forskjellane, seier ho.   

Dei distribuerte eksperimenta standardiserer metodikkane så mykje som det er råd, ved gjere det same eksperimentet på mange forskjellige stader.

– Dette fjernar mange usikkerheitsfaktorar. Derfor er dei distribuerte eksperimenta godt eigna til å finne generelle forklaringar på dei store mønstra i naturen, som for eksempel artsrikdomen frå tropane til polane. Men dette krev også nye måtar å arbeide på, etter som slike eksperiment berre er mogelege gjennom store forskingsnettverk, seier Vandvik.