UiB bidreg til fokus på FN sine berekraftsmål
På ein stor konferanse om hav, framtid og berekraft i New York neste veke vil Universitetet i Bergen leggje fram konkrete forslag for å møte FN sine berekraftsmål.
Hovedinnhold
– Ein kan nesten tru at konferansen er laga med tanke på Universitetet i Bergen, seier Jarl Giske, marin dekan ved Universitetet i Bergen (UiB).
Konferansen ”The Ocean Conference” samlar FN-systemet, politikarar, store frivillige organisasjonar, forskarar og ei rekkje andre grupper i New York, USA. (Sjå faktaboks.)
Målet med konferansen er å reversere den negative utviklinga i verdshava, med tanke på folk i verda, livet i havet og å sikre ei berekraftig utvikling.
Vil løyse dei største utfordringane
Den marine dekanen meiner UiB har mykje å bidra med på havkonferansen.
– Konferansen samsvarar med alle våre tre satsingsområde: Marin forsking, globale samfunnsutfordringar samt klima og energiomstilling. Det er bra at FN fokuserer på berekraft og utvikling og at havet speler ei viktig rolle når FN skal nå sine berekraftsmål, fortel Giske.
UiB skal vere med på konferansen med eige arrangement. Her vil UiB sine bidrag innan marin forsking verte presentert. Representantar frå UiB skal også delta på andre sine såkalla “side events”, både for å byggja vidare på eksisterande samarbeid og for å knytte nye kontaktar innan marin forsking og global utvikling.
– Vi skal vere synlege og vise at vår forsking og utdanning kan vere med på å løyse utfordringar knytt til hav. Ikkje minst skal vi etablere fleire nettverk på konferansen, seier Giske.
Marin aktør sidan 1825
Han peiker på at UiB har mykje kunnskap om korleis ein kan utnytte havet til mat, medisin, innovasjon og energi, utan å skade havet og livet i det.
Universitetet i Bergen er ein verdsleiande aktør innan marin forsking og utdanning, med lange tradisjonar. UiB og Bergensregionen har til saman den største konsentrasjonen av marine forskingsmiljø i Europa.
– Havet har alltid vore viktig for Noreg. Norske myndigheiter skjønte dette, og var tidleg ute med å investere i forsking, utdanning og forvalting på dette feltet. Dei marine tradisjonane i Bergen kan sporast tilbake til 1825, fortel den marine dekanen og viser til etableringa av Bergens Museum.