Fekk prisar for framifrå undervising
Atle Rotevatn og Helge Drange får ein halv million kroner kvar for si framifrå undervising.
![Helge Drange og Atle Rotevatn](https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/styles/content_main/public/media/drangerotevatn.png?itok=PBKfonue×tamp=1579195073)
Hovedinnhold
Olav Thon Stiftelsen deler årleg ut prisar til personar og forskingsprosjekt som har utmerka seg spesielt innan sine fagområde. I tillegg får fem personar 500.000 kroner kvar for framifrå undervsining.
To av dei fem som får denne prisen i år er frå UiB: Helge Drange og Atle Rotevatn.
Professor Helge Drange er ein av initiativtakarane til prosjektet Ekte Data, som gir elevar i den vidaregåande skulen oppgåver med tal frå naturen. Prosjektet hentar målingar og datasett fra vatn, land og luft, og lagar oppgåver tilpassa matematikk- og naturfagundervisning på ulike trinn. Ekte data er utvikla av Geofysisk institutt og Skolelaboratoriet i realfag ved Universitetet i Bergen.
Atle Rotevatn er professor ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen. Her kan du sjå video og lese meir om korleis han og studentane bruker droner for å læra meir om korleis fornybar energi kan hentast opp frå jordskorpa: