Tre institituttleiarar tilsett
Pinar Heggernes vert ny instituttleiar for informatikk. Hennar visjon er at alle UiB-studentar skal lære seg å programmere.
Hovedinnhold
Fakultetsstyret ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har vedtatt kven som skal leie Institutt for informatikk, Institutt for fysikk og teknologi og Matematisk institutt.
Pinar Heggernes vert tilsett som ny leiar ved Institutt for informatikk.
Vil bli best på utdanning
Det er viktig for den nye leiaren at instituttet fortset å hevda seg i toppen både nasjonalt og internasjonalt når det gjeld forsking på informatikk.
– Vi vil også verta best i Noreg på utdanning. Institutt for informatikk ved UiB skal vera staden studentar tenkjer på først når dei skal velja studiestad, seier Heggernes.
Ho har lang erfaring frå instituttet og vart først tilsett som førsteamanuensis i 2001. Professoren har mykje erfaring frå forsking, og har også hatt fleire ulike verv samt vore nestleiar ved instituttet.
I 2017 vedtok regjeringa å styrka si satsing på IKT-kompetanse, og fordelte 500 nye studieplassar innan emnet på landsbasis. 75 av dei 500 vart tildelte UiB.
Heggernes vil ta godt mot dei nye studentane på sitt institutt.
– Vi er glad for dei nye studieplassane, og jobbar no hardt med ei målretta rekruttering av studentar fram mot søknadsfristen i vår.
Ho trur det kan verte utfordrande å fylle alle dei nye studieplassane, særleg samstundes som det er nye opptakskrav i realfag, med krav om matematikk R2.
Programmering til alle
Instituttet har i fleire år gjeve studentar ved MatNat tilbod om kurs i programmering.
– Min visjon er at alle studentane ved UiB skal få dette tilbodet frå oss. Eg trur det hadde vore ein stor fordel for alle uteksaminerte studentar å ha ei grunnleggjande programmeringskompetanse, seier Heggernes.
Heggernes tar til i jobben etter Petter Bjørstad, som har vore instituttleiar i åtte år.
Fire nye år for to institutt
Øyvind Frette fortset som instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi, der han har vore leiar sidan 2014. Frette er professor i optikk og atomfysikk.
Sigmund Selberg fortset også som instituttleiar for Matematisk institutt, som han har leia sidan 2014.
«Begge har hatt en stødig hånd på rattet ved sine respektive institutt i de fire foregående årene, og jeg er veldig glad for at de ønsker å skape kontinuitet ved å søke om fire nye år i stillingen» skriv dekan Helge K. Dahle i sin blogg.