Nyheter
MatNat støttar Aldri OK
Aldri OK er ein studentdriven kampanje mot trakassering. No har MatNat-fakultetet stilt seg bak.

SIGNERTE AVTALE: Leiar i Realistutvalet, Haakon Ervik og dekan Helge K. Dahle signerte i februar Aldri OK-avtalen.
Hovedinnhold
Oppdatert: 16.02.2018 (Først publisert: 15.02.2018)
Aldri OK-kampanjen er starta av studentar, og kjempar for at ingen skal verta usette for misbruk, trakassering eller nokon form for diskriminering.
Torsdag 15. februar signerte Haakon Ervik, leiar i Realistutvalet og dekan ved MatNat Helge K. Dahle oppropet til Aldri OK.
Det forpliktar mellom anna til å sørgja for eit trygt miljø for alle tilsette, studentar og besøkande ved fakultetet.