Millionar til bergensk datatryggleik
Noreg må sikre seg betre mot dataangrep. Regjeringa gir no fleire millionar til Simula@UiB, som skal utdanne fleire kryptologar.
Hovedinnhold
Revidert nasjonalbudsjett vert lagt fram på tysdag 15. mai 2018. I ein lekkasje kjem det fram at regjeringa vil satse 16,5 millionar kroner på å sikre kommunikasjon, skriv Bergens Tidende.
10 millionar av desse pengane går til forskingssenteret Simula@UiB i Bergen. Pengane skal mellom anna gå til å utdanne fleire kryptologar i Noreg. Kryptologi er vitskapen om sikker kommunikasjon. Moderne kryptosystem vert brukt til å gøyme informasjon og til dømes autentisere meldingar eller elektroniske dokument.
Vil verne norske interesser
– Satsinga heng saman med kriminalitetsbiletet. Dataangrepa vert stadig meir alvorlege. Vi vil no sørge for å utdanne dei som skal beskytte viktige norske interesser, sa forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø til BT då budsjettlekkasjen vart presentert hjå Simula.
Leiar ved Institutt for informatikk, Pinar Heggernes, er glad for at regjeringa ser at ein må gjere Norge tryggare ved hjelp av fleire ekspertar.
– Dette er stort! Simula@UiB og Selmersenteret ved informatikk utgjer samla det beste tryggleiksmiljøet i Noreg. Bachelorutdanninga vår innan datatryggleik kom øvst på Studiebarometeret i 2017. Bergen er den beste staden å studere Datatryggleik på, seier Heggernes.
Treng nasjonal kompetanse
Simula@UiB opna i 2016, og er leia av professor Kjell Jørgen Hole. Senteret får ei årleg støtte på 5 millionar kroner frå Samferdsledepartementet.
– Eg tror politikerane ser at dette er et spesielt fagfelt på mange måtar. Mange typar teknologi går an å kjøpe, men når det gjeld tryggleik er det ønskeleg å ha nasjonal kompetanse, sa Hole då senteret opna i 2016.