Hjem
Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Nyhet

Isbrear avslører havstigning

Basile de Fleurian startar eit prosjekt som vil forstå meir om korleis isbrear flyttar seg. Kunnskapen vil gi oss betre spådommar om korleis havet stig.

Glacier, Hubbard Glacier Geological Area
Foto/ill.:
Jessie Orrico, Unsplash

Hovedinnhold

– SWItcDYN-prosjektet vil auka forståinga av korleis isbrear glir og flyttar seg. Dette kan representere 90 prosent av isbrerørsler og varierer meir over tid enn deformasjon av is, som er den andre prosessen som tyder noko for korleis isbrear beveger seg, seier Basile de Fleurian

Han er forskar ved Institutt for geovitskap.

Prosjektet er finansiert gjennom Fri prosjektstøtte (FRIPRO) frå Forskingsrådet. de Fleurian får støtta til Unge forskartalent, som vert given til forskarar som er tidlig i karrierene sine og som har vist at dei driv forsking med høg kvalitet. 

Raskare isbrear

de Fleurian forklarar at forskinga skal konsentrere seg om korleis vasstrykk ved foten av breane påverkar glidefarten.

– Vi veit at høgt trykk under isbreane gjer at dei beveger seg raskare, men forholdet mellom vasstrykk og volumet på vatnet er komplekst. Når det no er eit varmare klima, aukar smeltinga på overflata på breane. Gjennom data-analyse og modell-simuleringar skal prosjektet kunne påvise samanheng mellom smelting og farten isbreane flyttar seg, seier han. 

Til no har denne fysiske prosessen vore handsama på eit litt for enkelt nivå, meiner han.

– Å forstå prosessen betre vil gjere modellar for havstigning meir nøyaktige. Dette er etterlyst i den siste IPCC-rapporten, legg han til. 

UiB er rette staden

de Fleurian er ein av to forskarar ved UiB som får prosjektmidlane til unge forskarar. Alt i alt får16 prosjekt ved UiB FRIPRO-støtte, ni av prosjekta tilhøyrer Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Støtten gjer at de Fleurian kan jobba med prosjektet i fire år, og at han tilsetje ein ph.d-kandidat. UiB er den rette staden for prosjektet, meiner han. 

– Denne typen forsking veks stadig på UiB og Bjerknessenteret. Eg er glad for å kunna spele ei rolle i denne veksten og kunne hjelpe til med retninga på forskinga på is-dynamikk, seier forskaren.