MatNat-studentane er nøgde med studieprogramma
Studentane er godt nøgde med studiene på MatNat, i følgje Studiebarometeret for 2018. To av dei tre studieprogramma med høgast score på UiB høyrer til på MatNat.
![Studentar på MatNat Studentar på MatNat](https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/styles/content_main/public/media/32623622963_6fd3f28d1e_k.jpg?itok=0MZdUcfG×tamp=1550065633)
Hovedinnhold
Kvart år undersøkjer NOKUT studiekvaliteten ved lærestadane i Noreg. I Studiebarometeret svarar studentane på spørsmål som skal seie noko om korleis dei opplever det å vere student. Resultata gir ein peikepinn på kor nøgde dei er både faglig og med studiestaden som heilskap.
I dei aller fleste spørsmåla svarar studentane at dei er meir nøgde enn sist Studiebarometeret vart lagt fram. Då var også studentane godt nøgde med å studere realfag ved UiB.
– Realistar får jobb
Dekan Helge K. Dahle er glad for tilbakemeldingane frå studentane.
– Arbeidsmarknaden treng og vil gjerne ha kunnskapen studentane våre stiller med når dei er ferdig utdanna. Studentane veit at dei går trygge framtider i møte. Det trur eg er ein stor del av forklaringa på at dei er meir nøgde også, seier dekanen.
Fakultetet tilbyr to av dei tre studieprogramma ved UiB der studentane opplyser at dei er mest nøgde: bachelorprogrammet i nanoteknologi får ei heilskapleg vurdering på 4,8, medan integrert masterprogram i havteknologi får ei vurdering på 4,7.
Masterprogrammet i informatikk vert også sett pris på av studentane, med ei vurdering på 4,6.
Nøgde med læringsmiljø og evne til å inspirere
Studentane på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet fortel at dei i svært høg grad set pris på læringsmiljøet på fakultetet. Til dømes seier 74 prosent av dei som har svart at dei er tilfreds eller svært tilfreds med det sosiale miljøet på studieprogrammet sitt. Studentane trivst betre enn året før, fleire enn landsgjennomsnittet, i følgje Studiebarometeret.
Studentane opplyser også at dei er nøgde med programma deira sine evner til å inspirera, og korleis studieprogrammet er organisert.
Skal bli betre
Dekanen påpeiker at Studiebarometeret gir ein god peikepinn på kva fakultetet bør setja inn styrkene for å betra.
– Vi noterer oss at studentane meiner vi kjem dårleg ut når det gjeld kontakt med arbeidslivet og yrkesrelevans. Dette er noko vi jobbar med og vil verta betre på alt no, seier han.
Dahle nemner spesielt at alle institutta arbeider med ein tydelegare samfunnskontakt, og meir arbeidspraksis i studieløpet.
– MatNat utdannar kandidatar for arbeids- og næringslivet.