Hjem
Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Utdanning

VR lar studentar fly gjennom jetstraumane

Et nytt prosjekt lar meteorologi og oseanografistudentar oppleve atmosfæren på hittil uvande måtar.

Virtuelt feltarbeid

FØRST: Masterstudent Anne Kari Meisingset er ein av dei første studentane som får testa det virtuelle feltarbeidet.
Produsent:
UiB

Hovedinnhold

– Ved å nytte eit VR-verktøy kan meteorologistudentane få litt same opplevinga som studentar i andre disipliner får i feltarbeid. Difor kallar vi prosjektet Virtuelt feltarbeid, seier vitskapleg assistent Kim Alexander Haugland.

Prosjektet, som er leia av professor i meteorologi, Harald Sodemann ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret for klimaforskning, har som mål å gi studentar i meteorologi og oseanografi moglegheita til å oppleve storskalafenomen i atmosfæra, som vanlegvis kun kan oppnåast med forskningsfly, og som hittil har blitt representert i teikningar av ulike slag. 

– Den største forskjellen er det vi kaller immersjon. Det vil si at ein i eit VR-område får ein nesten fysikalsk opplevelse av det som visualiserast. Målet er først å lage eit verktøy som eigner seg til å teste ut om VR løner seg, eller om det er meir «eye candy», seier Sodemann.

Med VR-brillene på, kan studentane bevege seg rundt i 3D-gjengivingar av jetstrømmar og andre vêrfenomen. Førebels er det ganske enkle representasjonar, med eit mål om at studentane etter kvart skal kunne interagere med karta. Men sjølv den enkle 3D-gjengivinga er eit steg i rett retning.

– Med bruk av VR er bevegelsen i datarommet meir umiddelbar og interaktiv. Det er mogleg den type kroppsleg erfaring gir eit grunnlag for hugse kunnskapen betre, men det gir også eit betre utgangspunkt for å tileigne seg ein meir teoretisk kunnskap, seier Sodemann.

Inntil vidare er det mest doktorgradsstipendiatar og tilsette som har forsøkt programmet, men etter kvart er tanken å nytte det meir i utdanninga. Masterstudent i kjemisk oseanografi, Anne Kari Meisingset, har vore med tidleg i prosjektet.

– Eg får sett det i eit 3D-rom, noko eg ikkje er vand til frå undervisninga – der er det i staden snitt og teikningar. No får eg sett den ordentleg, kvar i verda det finst, og korleis det ser ut, seier Meisingset.

No skal prosjektet utviklast vidare, og til hausten er det planlagd at introduksjonsemner i atmosfære og havdynamikk skal få teste programvara.