Rekordmange realfagstudentar på unik studiestart
Rekordmange nye realfagstudentar byrjar på Universitetet i Bergen i år, til ei studiestartveke utanom det vanlege. Smittevern, tryggleik og avstand er viktig, samstundes som studentane skal få ein sosial og god start på studiene sine.
Hovedinnhold
I 2020 har 1100 studentar takka ja til studier i realfag ved Universitetet i Bergen (UiB). I 2019 helste fakultetet 750 nye studentar velkomen.
Vanlegvis vert alle dei nye studentane samla i Grieg-hallen til velkomstseremoni, før dei vert introduserte til sine nye studiekameratar og studieprogram.
Studentar kjem på skift
På grunn av koronaviruset og omsynet til smittevern vert årets nye studentar tekne mot i to skift i studiestartveka.
SMITTEVERNSREGLAR: Desinfisering på veg inn i Realfagbygget.
Digital opningsseremoni med Sigrid og Solberg
Kvart år vert alle studentane ved UiB inviterte til opningsseremoni. I år var velkomstseremonien digital, med helsingar frå Statsminister Erna Solberg og konsert med Sigrid.
- Sjå sendinga her: Velkomstsending, direkte fra Universitetsaulaen
Helge K. Dahle, dekan ved fakultetet, helsar nye studentar på sin blogg. Dei første vekene er viktige for at studentane skal oppleve fakultetet som landets beste stad å studere, meiner han.
– Vi skal sikre godt smittevern. Samstundes skal vi også ta i mot studentane på ein slik måte at dei føler seg velkomne, at dei får etablert gode nettverk, og at dei blir sosialisert inn ein god akademisk kultur, skriv han i blogginnlegget sitt.
I den første veka på UiB vert alle nye realfagsstudentar med på klassemottaket. Det er ein del av det offisielle mottaket for nye studentar på fakultetet, og er ein trygg og god arena der du blir kjent med medstudentane dine og med fakultetet.
Berekraftig fadderveke
I år er alle studentane inviterte til å vera med på ein #RealUtfordring, der studentane skal finna måtar å gjera fadderveka meir berekraftig.
Fadderveka er eit godt utgangspunkt for studentane for å verta kjente med både studiekameratane sine, Bergen og universitetet. Fadderveka vert gjennomført også i år, men eit høgt fokus på smittevernstiltak.