Rokkanførelesinga: Lee Epstein om domstolsforsking
Årets Rokkanførelesing blir ved professor Lee Epstein i samband med den 200-årsmarkeringa av Noregs Høgsterett.
Hovedinnhold
Om Lee Epstein
Professor Lee Epstein er ein av verdas fremste domstolsforskarar. I forsking og undervising har ho fokusert på rettslære, juridiske institusjonar og på åtferda til dommarar.
Epstein er Ethan A.H. Shepley Distinguished University Professor ved Washington University i St. Louis, men underviser også i rettslære ved Universitetet i Chicago og er ein av hovudpersonane bak The U.S. Supreme Court Database Project. Åleine og i samarbeid med andre har ho forfatta over 100 vitskaplege artiklar og 17 bøker, der An Introduction to Empirical Legal Research (saman med Andrew D. Martin) er det siste tilskotet.
Førelesinga blir halden på engelsk under tittelen The Study of Judicial Behavior.
Les meir om professor Lee Epstein her.
Om Stein Rokkan og Rokkanførelesinga
Stein Rokkan var ein internasjonal pionér innan samanliknande politikk og samfunnsforsking, og er særleg kjend for bidraga sine til forskinga på nasjonalstatar og demokrati. Rokkan var i si tid ein av dei internasjonalt største norske samfunnsforskarane, og hadde eit særleg ansvar for utbygginga av Institutt for samanliknande politikk som professor i sosiolog på 60-talet, samt pioner innan innsamling av samfunnsvitskaplege data og ein av grunnleggarane av The European Consortium for Political Research, ECPR.
Rokkanførelesinga er eit årleg arrangement i regi av Institutt for samanliknande politikk. Sidan Erik Allardt heldt den første Rokkanførelesinga i 1981 har Rokkanførelesinga trekt 34 leiande samfunnsvitarar til Bergen.