Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Vitnesbyrd

Frå UiO til master i Sampol

Tett oppfølging og høgt fagleg nivå er det Thea Larsen trekk fram som den største overgangen frå bachelorstudiane ved UiO til masterprogrammet i Sampol ved UiB.

Hovedinnhold

Eg trur at den viktigaste kompetansen du utviklar som masterstudent er knytt til det å tenkje akademisk.

Kvar tok du bachelorgrada din?
Eg tok bachelorgrada i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Kvifor valde du ein mastergrad i samanliknande politikk?
Eg hadde søkt på både NTNU og UiO i tillegg til Universitetet i Bergen, men eg valde Bergen på grunn av ein kombinasjon av at Sampol hadde eit attraktivt fagleg tilbod og at eg var litt lei systemet ved Universitetet i Oslo. Fagleg var eg interessert i å fordjupe meg i metode fordi god metodekunnskap opnar porten for forsking på veldig mange forskjellige tema. Mastergrada i Sampol er kjend for veldig gode metodekurs, og når eg samanlikna studieløpa i forskjellige mastergradar verka det som om dei andre universiteta hadde mindre av alt slikt.

Korleis har overgangen frå bachelor til master vore?
Den aller største overgangen er at oppfølginga på master i Sampol er ekstremt tett! Det har eg aldri opplevd før. På bachelorprogrammet i Oslo var det lite seminarundervising og klassane var utruleg store. Det gjorde også avstanden mellom professor og student veldig stor. På masterprogrammet i Sampol skjer all undervisinga i små seminargrupper eller ved individuell rettleiing på oppgåvearbeid. Du veit alltid kva som er venta av deg og kva som er kravd. I eit slikt miljø presterer eg mykje betre.

I tillegg er miljøet her veldig sosialt: Ein blir invitert til å vere med i forskingsgrupper på instituttet og får engasjere seg stort sett der ein vil. Det trur eg skapar eit veldig godt læringsmiljø.

Trekk fram eit særleg godt kurs du har tatt.  Kva gjorde dette kurset interessant?
Eg har veldig lyst til å forske! Særleg har eg vore orientert mot sikkerheitspolitikk og cybersikkerheit. Då er den gode metodeundervisinga i SAMPOL305 og valemnet SAMPOL332 noko eg har veldig stor interesse og utbytte av. Men eg kan også trekke fram SAMPOL306: Dette faget har vore ein augeopnar for meg. Her får ein servert heile breidda av tema innanfor faget komparativ politikk, og det har gjort meg oppmerksam på veldig mange andre mulege interesser innanfor faget!

Kva er den viktigaste kompetansen du utviklar som masterstudent i samanliknande politikk.
Eg trur at den viktigaste kompetansen du utviklar som masterstudent er knytt til det å tenkje akademisk. I løpet av masterløpet begynner du å lese på nye måtar, tenkje annleis og skrive annleis. Du blir meir systematisk og strukturert fordi du slepp liksom ikkje unna: Du må lese mykje og du blir heile tida utfordra både skriftleg og munnleg. Den stadige forventinga til at du skal bidra er veldig lærerik.

Har du planar for kva du skal gjere når du er ferdig med mastergrada
Eg elskar å forske – og her blir eg ikkje overlaten til meg sjølv med det! Forsking var målet mitt i utgangspunktet, og å studere her har berre forsterka den interessa. Eg vil gjere forsking på internasjonal politikk meir sexy! Litt som Cecilie Hellestveit. Der synst eg også at UiB gjer ein god jobb når dei er så klare på at forsking er ein heilt sentral del av det universitetet står for.

Mange skal søkje på masterprogram før 15. april. Kva bør dei tenkje på?
Dei burde kanskje gjere det eg ikkje gjorde: Sjekk kven som jobbar der du skal søkje. Finn ut kven dei er, kva dei står for, kva for tema dei jobbar med og kor flinke dei er. Eg hadde flaks: Dei som eg har jobba med på Sampol er skikkeleg dyktige innanfor sine fagfelt, og det har vore av veldig stor verdi å ha dyktige rettleiarar som kan stoffet sitt.

Ein annan ting er å sjå på oppbygginga av studieløpa. Her på Sampol er heile det siste året av masterprogrammet sett av til at du skal få fordjupe deg og verkeleg forske på temaet i masteroppgåa di. Det var veldig viktig for meg når eg valde masterprogram: I mange program er det lagt opp til ei mykje mindre omfattande masteroppgåve og det er ikkje ei god løysing.

 

==============================================================

Masteropptaket 15. april

Søknadsskjema finner du via informasjonsidene for masteropptaket.

Jobbmuligheter

Se hva ferdige sampolkandidater jobber med.

Studentliv i Bergen

I Bergen finner du en studentforening for alt!

Se Studentsidene våre for praktisk informasjon om studentlivet.

Har du spørsmål?

Send e-post til studieveileder@isp.uib.no

Har du bachelorgrad fra et annet universitet/en annen høyskole

Her er en liste over bachelorgrader som kvalifiserer deg til masteropptaket

(Denne artikkelen ble publisert i 2019)