Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Studentportrett

Frå feminisme til eugenikk

Erika er i ferd med å fullføre bachelorgraden sin i kjønnsstudiar ved Universitetet i Bergen.

Hovedinnhold

Ho har fordjupa seg i historie, og gjennom studia har ho fått arbeid som praktikant ved byarkivet i Bergen. Ho oppfordrer alle med interesse for kjønn til å vurdere bachelorprogrammet i kjønnstudiar ved SKOK.

Kvifor velde du å ta ein bachelor i kjønnsstudium?

Eg hadde eigentleg tenkt å studere historie, men har alltid interessert meg for feminisme, og fann ut at bachelor-programmet i kjønnsstudium gav meg mogelegheita til å tileigne meg dybdekunnskaper i begge deler. Dessutan gjer mogelegheita for spesialisering i eit fag som historie at utdanninga vert relevant i høve til kva ein kan bli. No skriv eg bachelor-oppgåve om eugenikk, som er ideen om å frobetre befolkningskvaliteten. Eg ser på samarbeidet mellom ny-malthusianere, eugenikere og feminister tidleg i det forrige århundret. Det verkar kanskje som eit rart samarbeid, men ny-malthusianarane var bekymra for matmangel, feministane var opptekne av å få tilgang til abort og preventsjonsmiddel, og eugenikarane ville forbetre mennesket gjennom mellom anna fødselskontroll for å forhindre ”ugunstig” befolkningsutvikling. Etter bachelorstudia er planen å gå vidare på ein Master i Historie, og eg trur nok at eg også kjem til å ha kjønn i fokus der. Det fine med kjønn er at det kan nyttast som perspektiv på alt – det betyr ikkje at ein nødvendigvis treng skrive om kvinnehistorie.

Kva likte du best ved studietida di ved SKOK?

Det var veldig kjekt å studere i lag med andre studentar som eg hadde felles interesser med. I tillegg var det kjekt å få akademisk tyngde til feminismen. Ettersom det er eit relativt lite studieprogram er kontakten med undervisarane mykje betre enn på andre bachelorprogram. Undervisninga er meir lik vanleg klasseromsundervisning, med færre forelesningar i store auditorium. Det gjer at studentane engasjerer seg meir i undervisninga, og skaper rom for debatt med forelesarane. Studiet har også gitt meg innsikt og forkunnskaper om kjønn som eg har hatt nytte av i historiefaget.

Kva arbeider du med no?

No er som sagt i ferd med å skrive bachelor-oppgåva, og så er eg praktikant i byarkivet i Bergen. Eg kan ikkje fortelje så mykje om dette, for me har taushetsplikt der, men eg har ansvar for å sortere og ordne gamle arkiv. Det trives eg veldig godt med. Praksisen er del av eit valfag som er ope for alle studentar ved HF som har minst 60 studiepoeng i historie. Etter sommaren vil eg starte på Masterprogrammet i Historie.

Har du nokon tips til dei som vurderer å ta ein bachelorgrad eller eit årsstudium ved SKOK?

Eg vil absolutt oppfordre studentar om å søke seg til SKOK. Gjennom kjønnsstudia vil du lære mykje som er av relevanse i dag. Det du lærer kan mellom anna knyttast opp mot trans-debatten som det har vært mykje snakk om i det siste, eller opp mot likestillingspolitikk, som jo også er aktuelt. Studiet vil også gi deg innsikt i ulike teoretiske perspektiver om kjønn som kan brukes til å forstå dagens samfunn.