Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Foredrag

Fullt hus då Lila Abu-Lughod besøkte Bergen

Saman med Institutt for sosialantropologi inviterte SKOK professor Lila Abu-Lughod frå University of Columbia til Bergen i starten av mai 2017.

Bilde av Lila Abu Lughod
Sosialantropolog Lila Abu Lughod
Foto/ill.:
Martyn Gallina-Jones

Hovedinnhold

Abu Lughod heldt foredraget "Muslim women and the right to choose freely" til ein fullsett sal i Litteraturhuset i Bergen. Det vart høg stjernefaktor då den anerkjende amerikansk-palestinske antropologen var innom Bergen i starten av mai. For Abu-Lughod er eit kjend namn for mange unge sosialantropologar og kjønnsforskarar ved UiB. Ho har gjennom ei lang akademisk karriere publisert fleire bøker og verk som har fått stort gjennomslag. Blant desse finn ein klassikarar som Veiled Sentiments, der ho følgjer kvinner i eit beduinsamfunn i Egypt, og Writing Womens Worlds, der ho fokuserer på einskildhistoriene til fleire kvinner for å bryte ned stereotype og generaliserande framstillingar av "kultur."

I seinare tid har Abu-Lughod fokusert på korleis muslimske kvinner blir framstilt i vestlege diskursar om Midtausten og Islam, og særleg korleis spørsmålet om "fridom" har blitt knytta til kvinnene sin bruk av klede og hodeplagg. Særleg har muslimske kvinner sin bruk av slør blitt gjort til gjenstand for debatt (sjå også nettsaka om senterleiar ved SKOK, Christine M. Jacobsen, sin nyaste artikkel). 

Under sitt besøk til Bergen var Abu-Lughod oppteken av å problematisere korleis vestlege forestillingar om kva det vil seie å velje fritt kjem til uttrykk i debatten om muslimske kvinner, og korleis fridommen til å velje har blitt konstituert som eit vestleg ideal. Ho understreka at alle val er forma og betinga av makt - også vestlege kvinner sin klesstil er forma av kulturelle normer for påkledning. Gjennom å trekke på eigne etnografiske dømer, viste Abu-Lughod at sjølv om ein i vesten som regel trur at bruken av slør er påtvungen, så er det motsatte ofte tilfelle: unge kvinner som ynskjer å bruke hijab står ofte opp mot sine familier.

Vestlege diskursar om muslimske kvinner sin bruk av slør gir med andre ord eit svært unyansert bilete av desse kvinnene sine eigne erfaringar. Det slike diskursar derimot er gode til, er å skape forestillingar om eit frigjort Vesten i kontrast til eit undetrykkande Islam. I nyare tid har denne forestillinga vært med på å stigmatisere store folkegrupper, og legitimere Vestlege militære intervensjonar og krigar i Midtausten.

Abu-Lughod sitt innlegg i den høgst aktuelle debatten møtte stort engasjement frå publikum, som stilde fleire kritiske og gode spørmål til antropologen. Sjølv understreka ho at det viktigste er å utforske alle dei ulike førehalda som bidreg til å undertrykke kvinner, og mogeleggjer vald mot desse - også dei geopolitiske rammene, og då særleg relasjonen mellom Vesten og Islam.

Senter for kvinne- og kjønnsforskning og Institutt for sosialantropologi takker Lila Abu-Lughod for besøket, og ynskjer henne velkommen attende til Bergen.