Native/Immigrant/Refugee
Native/Immigrant/Refugee-prosjektet ble finansiert av Peder Sather-senteret ved UC Berkeley og bestod av to faser; Crossings and Divides og Immobility and Movement Across Contested Grounds.
Hovedinnhold
Første fase, Native/Immigrant/Refugee: Crossings and Divides, blei gjennomført i 2019, og andre fase, Native/Immigrant/Refugee: Immobility and Movement Across Contested Grounds fekk finansiering frå 2020 til 2023. I juni 2023 organiserte forskarar frå UiB og UC Berkeley workshopen Immobility and Movements Across Contested Temporalities and Spaces i Bergen.
Professorane Christine Jacobsen ved SKOK og Leti Volpp ved UC Berkeley var prosjektleiarar i begge faser. Prosjektmedarbeidarar ved SKOK var Marry-Anne Karlsen og Kari Anne Drangsland. Jessica Schultz frå SKOK sitt WAIT-prosjekt kom med på laget frå 2020.
Om prosjektet:
Native/Immigrant/Refugee: Crossings and Divides
Kven er ein flyktning, kven er ein innvandrar, og kven er ein innfødd? Dette er avgjerande spørsmål i ei tid der nasjonalstatar strammar inn og kontrollerar grensene sine, og i aukande grad kriminaliserar mobilitet og dermed brukar desse kategoriane nedsettande eller som grunnlag for krav. Flyktningar, innvandrarar og innfødde - om dei er urfolk eller ikkje - blir vanlegvis etablerte som fråskilde juridiske og sosiale kategoriar, og dermed studerte kvar for seg. Denne første delen av det tverrfaglege forskingsprosjektet undersøkte korleis desse kategoriane som fellesskap, og fagfelta som er utvikla for å undersøke dei, i staden kjem saman, forflyttar og formar kvarandre. Prosjektet såg nærmare på korleis juridiske direktiv og kulturelle omgrep skapar kategoriar som definerar dei tilsvarande juridiske rettane og kulturelle krava basert på medlemskap i desse gruppene. Av spesielt stor interesse for denne delen av prosjektet var måten kjønn blir konstruert på i diskurs og lovgiving, og dei særskilte byrdene som blir lagt på kvinner og familiar.
Native/Immigrant/Refugee: Immobility and Movement Across Contested Grounds
Kven blir sett på som flyktning, kven er ein innvandrar og kven er ein innfødd? Covid-19-pandemien har påverka mobiliteten både innad i lokalsamfunn og over internasjonale grenser på ein måte som er utan sidestykke, og at pandemien i tillegg har ført med seg ei oppblomstring av nasjonalistiske og nativistiske løysingar på eit globalt problem, gjer det berre endå viktigare å finne svar på desse spørsmåla. Dette neste trinnet i det vellukka forskingssamarbeidet mellom SKOK og UC Berkeley ønskjer i lys av Covid-19-krisa å utforske korleis kategoriar som "innfødd," "innvandrar" og "flyktning" blir brukt nedsettande og som grunnlag for krav. Av spesielt stor interesse er måten kjønn blir konstruert på i diskurs og lovgiving, og dei særskilte byrdene som blir lagt på kvinner og familiar; rasifiserte konstruksjonar av eit "utanlandsk" eller "kinesisk" virus samtidig som urfolkssamfunn og farga menneske blir ulikt påverka; spørsmål om temporalitet og korleis tid blir erfart og førestilt når vi ikkje veit enden på denne pandemien, og det er både "for mykje" og "ikkje nok" tid; og spørsmål om rom og mobilitet i denne perioden med global immobilitet.