Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Gjesteforskar

Verdifullt tilskot til kjønnsforskinga ved UiB

Professor i filosofi ved UiT, Annamari Vitikainen, er gjesteforskar hos Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) ved UiB i studieåret 2021-2022.

Kvinne med blondt, kort hår i svarte og mørkraude klede står framfor ein søyle og eit skilt for Senter for kvinne og kjønns-forsking og Senter for vitskapsteori
Vitikainen vitjar SKOK i Parkveien 9 med jamne mellomrom.
Foto/ill.:
Kamilla Stølen

Hovedinnhold

Vitikainen sine forskingsinteresser er hovudsakeleg innanfor samtidig politisk filosofi, sosial og global rettferd og kjønn og seksualitet. Dei siste åra har ho i stor grad jobba med problemstillingar tilknytt migrasjon, multikulturalisme og minoritetsrettar, med fokus på spørsmål knytt til "minoritetar innanfor minoritetar," til dømes LHBT+-flyktningar.

Ved UiT Noregs arktiske universitet leier Vitikainen forskingsgruppa Pluralism, Democracy and Justice, og ho er også medlem av Forskningsgruppe i feministisk filosofi.

Vitikainen har også fleire års erfaring med NFR-støtta forskingsprosjekt: Ho er medlem av prosjektet Indigenous Citizenship and Education (ICE), og deltok i det nyleg avslutta prosjektet Globalizing Minority Rights (GMR). Frå 2021 leiar ho sitt eige NFR-prosjekt: Good Integration (GOODINT): Goals and bottlenecks of good integration and social cohesion.

Ved SKOK er Vitikainen medlem av forskingsgruppa Kjønns- og seksualitetsforskningens grunnlagsproblemer.

I løpet av opphaldet ønskjer ho å få ei djupare forståing av kjønns- og seksualitetsrelaterte problemstillingar, også innanfor andre felt enn filosofi, og tileigne seg verdifull, empirisk fundert kunnskap om spørsmål knytt til migrasjon, integrasjon og inkludering.

– Filosofar er ofte avhengige av data framskaffa av samfunnsforskarar, og det tverrfaglege miljøet ved SKOK gir meg eit framifrå forum for den slags samarbeid og overføring av kunnskap, seier Vitikainen.

I følge konstituert senterleiar ved SKOK, Kari Jegerstedt, er Vitikainen er eit særs verdifullt tilskot til SKOK sin stab:

– Hun forsker på en rekke tilknyttede emner, som migrasjon, rettferdighet og seksualitet, men fra andre innfallsvinkler enn hos oss. Det blir det gode diskusjoner av. I tillegg har vi fått dratt nytte av hennes lange erfaring med å hente inn eksterne midler, og hun er en støttespiller for våre unge, uetablerte forskere som ønsker seg en karriere i akademia.