Hjem
Sosiologisk institutt
Ny publikasjon fra Hjellbrekke og Korsnes

Circulation at the Top: Elites, Social Mobility and Intergenerational Capital Conversion

Trass i gjentekne oppmodingar om at det bør byggast bru mellom sosiologien om sosial klassar og sosiologien om elitar, er dei empiriske studiane der så vert søkt gjort framleis relativt få. I denne artikkelen søkjer vi å gjere dette gjennom å bruke tilnærmingar og statistiske metodar som har vore vanlege i mobilitetsforskinga til å analysere sirkulasjonsmobiliteten i elite- og profesjonsformasjonar.

Stacks of coins of differeing height
Foto/ill.:
Colorbox

Hovedinnhold

På grunnlag av registerdata om den norske befolkninga fødd i åra 1955-1975 analyserer vi utdannings- og yrkesmobiliteten til dei «suksessrike arvtakarane» i toppen av utdannings- og profesjonshierarkiet.  På denne måten, og gjennom å fokusere på intergenerasjonelle mobilitetsbaner og –barrierer, søkjer vi å avdekke tendensar til stabilitet og endring i familiedynastiske relasjonar, dvs. relasjonar som primært er tufta på arva former for kapital. Desse mønstra kan også seie noko om kva former for intergenerasjonell kapitalkonvertering som har vore dei mest vanlege, og med det også dei mest aksepterte, i over- og i øvre middelklasse i Noreg, og samstundes kva former som har vore uvanlege. Resultata indikerer at også i dei antatt egalitære norske elitane er slik at nokre arvingar er «more equal than others».

 

 

For meir informasjon og tilgang til artikkelen, besøk heimesida til journalen.