Bli seminarleiar i samfunnsvitskapleg metode
Vi søkjer no seminarleiarar for haustsemesteret 2025. Søknadsfristen er 2. mai!

Hovedinnhold
Høsten 2025 søker vi seminarledere til emnet MET104 «Kvantitativ samfunnsvitskapleg metode».
Som seminarleiar i MET104 får du faglege og pedagogiske utfordringar samstundes som du repeterer viktig metodepensum, noko som kjem vel med i utdanninga. I tillegg er dette godt løna, relevant arbeidserfaring.
Arbeidsoppgåver
Seminarleiaren har gjennom semesteret ansvar for 7 seminarmøte á to timar, per seminargruppe dei leiar. Typisk leiar kvar seminarleiar to grupper. I tillegg vil studentane levere to obligatoriske oppgåver som du skal vurdere og kommentere. Du vil òg delta aktivt i jamlege planleggingsmøte med faglærar og emneansvarleg for repetisjon av pensum, samt planlegging og samkøyring av undervisinga.
Kvalifikasjonar
Søkjarar tekne opp til masterprogram i anten Sosiologi, GOV eller Sampol prioriterast, men vi er også open for studentar på bachelornivå som har tatt MET102 eller MET104 tidlegare og ferdig utdanna studentar som treng ei deltidsstilling.
Løn og gode
Arbeidet er løna med statens lønssteg 35 for studentar på bachelor- og masternivå.
Søknad
Send søknadsbrev, CV, karakterutskrift og eventuelle attestar e.l. (slått saman til éi pdf-fil) til emneansvarleg.
Indiker kor mange grupper du ønskjer å leie, og kva statistikkprogram du har kjennskap til: R, Stata eller begge.
Søknadsfristen er 2. mai.