Hjem
Utdanning

Studieplan for BAHF-TYS Tysk, bachelor, 3 år, haust 2024

Namn på grad

Bachelor i tysk

Omfang og studiepoeng

Studiet har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid. Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, kan du vende deg til studierettleiar.

Undervisningsspråk

Undervisningsspråket på tyskemna er tysk og norsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Tyskstudiet skal øve studentane i praktisk språkdugleik (skriftleg og munnleg) og gi dei innsikt i tysk språk og dei tyskspråklege landa sin litteratur, kultur og samfunnstilhøve.

Emna på 200-nivå skil seg frå emna på 100-nivå primært ved at dei skal gi fordjuping i utvalte emne.

Eit utvekslingsopphald på eitt semester ved eit tyskspråkleg universitet er ein inegrert del av studiet. Denne utveksling går normalt føre seg i det femte (og eventuelt sjette) semesteret.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Kandidaten

  • har gode kunnskapar i tysk grammatikk og lydlære, mellom anna kjennskap til viktige kontrastive aspekt tysk-norsk
  • har kunnskap om hovudtrekk i utviklinga av den tyskspråklege litteraturen etter ca. 1750
  • har grunnleggjande kunnskap om utvalte tema innan tyskspråkleg kultur i perioden frå opplysningstida fram til i dag

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • har opparbeidd grunnleggjande dugleik i språkleg, kulturell og litterær analyse gjennom varierte skriftlege og munnlege øvingsoppgåver
  • har god evne til å uttrykkje seg på tysk både munnleg og skriftleg og
  • har god innsikt i språktilhøve og språkleg variasjon i dei tyskspråklege landa

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • har utvikla ei reflektert og sjølvstendig haldning til lærestoffet gjennom analysar av ulike språklege, litterære og kulturelle uttrykk i historisk og samfunnsmessig samanheng
  • kan nytte sin fagkombinasjon i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har forkunnskapar i tysk som svarar til nivå II frå vidaregåande skole.

Innføringsemne

Det er sterkt tilrådd å ta desse emna første semester:

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.)
  • EXFAC00SK Språkkunnskap (10 stp.)
  • TYS100 (10 stp.)

For nokre studentar, til dømes studentar som allereie har tatt eitt eller fleire av desse emna, kan det vere ønskjeleg å bytte det et ut med eit anna emne. I slike høve er det viktig å ta kontakt med studierettleiar.

Obligatoriske emne

  • EXPHIL Examen philosophicum, H (10 stp.)
  • Innføringsemne: anten EXFAC00SK eller EXFAC00AS, H (10 stp.)
  • TYS105 Grunnemne i tysk språk I, V (10 stp.)
  • TYS106 Tyskspråkleg kultur og historie, V (10 stp.)
  • TYS108 Nyare tyskspråkleg litteratur, V (10 stp.)
  • TYS115 Grunnemne i tysk språk II, H (10 stp.)
  • TYS118 Eldre tyskspråkleg litteratur, H (10 stp.)
  • SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium, H (10 stp.)
  • TYS205 Fordjuping i tysk språk, V (10 stp.)
  • TYS206 Fordjuping i tyskspråkleg litteratur, V (10 stp.)
  • TYS255 Bacheloroppgåve i tysk V (10 stp.)

Spesialisering

  • TYS105 Grunnemne i tysk språk I (10 stp.)
  • TYS106 Tyskspråkleg kultur og historie (10 stp.)
  • TYS108 Nyare tyskspråkleg litteratur (10 stp.)
  • TYS115 Grunnemne i tysk språk II (10 stp.)
  • TYS118 Eldre tyskspråkleg litteratur (10 stp.)
  • SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium (10 stp.)
  • TYS205 Fordjuping i tysk språk (10 stp.)
  • TYS206 Fordjuping i tyskspråkleg litteratur (10 stp.)
  • TYS255 Baceloroppgåve i tysk (10 stp.)

Tilrådde valemne

I tillegg til ex.phil., innføringsemne og spesialiseringa inneheld programmet 70 frie studiepoeng. Merk at introduksjonsemnet TYS100 reknast med i dei frie studiepoenga.

I dei frie studiepoenga kan studenten velje emne som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Ta gjerne kontakt med studierettleiar om tilrådde valemne. Studentane tek normalt eit semester med frie studiepoeng på utveksling ved eit tyskspråkleg universitet.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (haust)

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.)
  • EXFAC00SK Språkkunnskap (10 stp.)
  • TYS100 Introduksjon til tyskstudiet (10 stp.)

2. semester (vår)

  • TYS105 Grunnemne i tysk språk I (10 stp.)
  • TYS106 Tyskspråkleg kultur og historie (10 stp.)
  • TYS108 Nyare tyskspråkleg litteratur (10 stp.)

Mellom siste undervisning og eksamensperioden er det tilbod om eit tre vekers studieopphald ved Det tysk-norske studiesenteret ved Universitetet i Kiel. Opphaldet finansierast ved eigenbetaling.

3. semester (haust)

  • TYS115 Grunnemne i tysk språk II (10 stp.)
  • TYS118 Eldre tyskspråkleg litteratur (10 stp.)
  • SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium (10 stp.)

4. semester (vår)

For å oppretthalde kontinuitet i tyskopplæringa tilrår vi å ta 200-nivå i det 4. semesteret. Studentar som tek frie studiepoeng i eit fag med oppstart på våren, tek 200-nivå i det 6. semesteret.

  • TYS205 Fordjuping i tysk språk (10 stp.)
  • TYS206 Fordjuping i tyskspråkleg litteratur (10 stp.)
  • TYS255 Bacheloroppgåve i tysk (10 stp.)

5. semester (haust)

  • Frie studiepoeng: Studium i utlandet eller ved UiB

6. semester (vår)

  • Frie studiepoeng: Studium i utlandet eller ved UiB

Delstudium i utlandet

Eit utvekslingsopphald ved eit tyskspråkleg universitet er ein integrert del av studiet. Utvekslinga går normalt føre seg i det femte semesteret. Ein kan òg velje å vere på utvekslig eit heilt år (femte + sjette semester).

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet. Det blir òg gitt informasjon om utvekslingsopphaldet gjennom informasjonsmøte og rettleiing i løpet av studietida.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  • A-F, der F er stryk
  • greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Med eit karaktersnitt på C i spesialiseringa kvalifiserer programmet for opptak til masterprogram i tysk ved UiB.

Studentar som planlegg å ta PPU, må sørge for å få dekka opptakskrava i løpet av studiet sitt. Informasjon finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED

Relevans for arbeidsliv

Tyskstudiet kvalifiserer for undervisning innanfor skoleverket og for anna arbeid både i offentleg og privat sektor der kunnskap om språk, litteratur og kultur er viktig, til dømes informasjonsarbeid, media, reiseliv, omsetjing og eksportretta verksemd.

Den internasjonale erfaringa eit utvekslingsopphald gir vert òg etterspurd av arbeidslivet.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@if.uib.no