Studieplan for MAHF-LÆNO Lektor nordisk, master, 5 år, haust 2024
Namn på grad
Master i nordisk med lektorkompetanse
Omfang og studiepoeng
300 studiepoeng
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Normalt norsk, dansk og svensk. Dersom ein som fag 2 vel eit framandspråk, vil undervisninga som oftast vere på det aktuelle språket, men den kan også vere på norsk.
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Lektorutdanning med master i nordisk er eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skolen. Utdanninga kombinerer solid fagkunnskap i nordisk (fag 1) og eitt anna universitetsfag (fag 2) med fagdidaktikk, pedagogikk og praksis. Praksis er integrert i studiet i fire av dei fem studieåra.
Studiet gir eit solid grunnlag i dei to studiefaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga. Studiet gir dessutan ei grunnleggande forståing av vitskapsfaga og skolefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.
Profesjonsfaget gir grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk og fremjar dugleikar for praktisk yrkesutøving.
Studiet av nordisk er delt mellom språk og litteratur. Namnet på faget understrekar eit nordisk perspektiv, men hovudtyngda i studiet ligg på norsk språk og norsk litteratur. Språkstudiet gir innsikt i korleis språket er oppbygd som system, korleis det har utvikla seg historisk, og i dei variantane av skriftmål og talemål vi har i dag. Litteraturstudiet går inn på nordiske litterære tekstar, litteraturhistorie og tekstteori og gir innsikt i sentrale forfattarskap, ulike sjangrar og kulturhistorie. På høgare nivå er det høve til å spesialisere seg i sjølvvalde faglege emne. I det siste året arbeider ein med masteroppgåva, som er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid skrive under rettleiing.
Som det andre faget i utdanninga vel ein eitt av faga engelsk, fransk, historie, sosiologi, religionsvitskap, spansk språk og latinamerikastudium eller tysk. Alle desse faga har òg eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lektorutdanningsprogrammet.
Lektorutdanninga skal kvalifisere studentane til å vidareutvikle skolen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn. Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og som kan ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje samhandling og kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- har avansert kunnskap innanfor nordisk språk og litteratur og brei kunnskap innanfor fag 2
- har solid forståing av forskingsetikk og metodar og tenkjemåtar i nordiskfaget
- har god innsikt i språksystem, språkhistorie, språkbruk og moderne skriftspråks- og talemålsvarietetar
- har omfattande kunnskap om nordiske litterære tekstar og forfattarskapar, litteraturhistorie og tekstteori, sjangrar og kulturhistorie
- har god innsikt i sentrale tema, omgrep og teoriar knytte til fag 2
- har kjennskap til forskingsetiske problemstillingar
- har god kunnskap om begge fagas historie, tradisjonar, eigenart og plass i skulen og samfunnet
- har grunnleggande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng
- har kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid innanfor dei to faga
- har grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk
- har inngåande kunnskap om vitskaplege problemstillingar, forskingsteoriar og -metodar i pedagogiske og fagdidaktiske spørsmål
- har kunnskap om utviklinga av skolen som organisasjon og brei forståing av skolens mandat, verdigrunnlag og opplæringsløp
- har kunnskap om ungdomskultur og ungdoms utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar
- har inngåande kunnskap om gjeldande utdanningsrelatert lov- og planverk
- har kunnskap om ungdom i vanskelege situasjonar og om deira rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
- har kunnskap om samisk litteratur og språktilhøve
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan orientere seg i faglitteratur og teori innanfor nordisk og fag 2 og analysere kjelder og teoriar kritisk
- kan strukturere og formulere faglege resonnement
- kan bruke og formidle relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid knytt til fagområda
- meistrar fagrelevante skriftlege og munnlege presentasjonar og kan følgje normene for akademisk skriving
- kan gjennomføre eit avgrensa forskingsprosjekt innanfor fagområdet nordisk i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
- kan arbeide sjølvstendig med krevjande faglege oppgåver i fag 2
meistrar relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer - kan nytte digitale verktøy i undervisning, planlegging og kommunikasjon og rettleie unge i den digitale kvardagen
- kan planlegge og leie undervisning som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
- kan differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk og skape gode læringsmiljø
- kan arbeide systematisk med grunnleggande dugleikar
- kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere læring og gi læringsfremjande tilbakemeldingar
- kan bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling
- kan reflektere over eigen fagleg praksis
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan bidra til innovasjon og nytenking og gjennomføre profesjonsretta fagleg utviklingsarbeid
- kan legge til rette for at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv kan involverast i opplæringa
- kan formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytte til profesjonsutøvinga på eit høgt fagleg nivå
- kan opptre profesjonelt og kritisk reflektere over og analysere faglege, profesjonsetiske, forskningsetiske og utdanningspolitiske spørsmål og problemstillingar
- kan på sjølvstendig grunnlag utvikle eigen kompetanse og bidra til den faglege og organisatoriske utviklinga ved skolen
- kan byggje relasjonar til elevar og føresette og samarbeide med aktørar som er relevante for skoleverket
Opptakskrav
- Politiattest (jf. forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 6)
- Generell studiekompetanse eller realkompetanse (kravkode LÆRALT)
Det er to alternative måter å dekke opptakskravet på.
Du må anten dokumentere:
- gjennomsnittskarakter 3 eller betre i norsk (393 timar) og
- gjennomsnittskarakter 4 eller betre i matematikk (224 timar) og
- minst 35 skolepoeng
eller
- gjennomsnittskarakter 3 eller betre i norsk (393 timar) og
- gjennomsnittskarakter 3 eller betre i matematikk (224 timar) og
- minst 40 skolepoeng.
Du vil òg dekke karakterkravet i matematikk viss du har greidd eitt av følgjande programfag: S1, S2, R1 eller R2.
Tilrådde forkunnskapar
Ein bør meistre både bokmål og nynorsk godt.
Studentar som vel engelsk som fag 2 bør ha studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole. Studentar som vel fransk, spansk eller tysk som fag 2 bør ha minimum nivå A2 (CEFR*) eller nivå I/II i desse frå vidaregåande skole.
Innføringsemne
-
Obligatoriske emne
I programmet inngår emne i nordisk, fag 2, fagdidaktikk, pedagogikk og ex.phil. Dei fleste emna er obligatoriske. Ei oversikt over kva emne som er obligatoriske finn ein under «Rekkefølgje for emne i studiet».
Totalt inngår 100 dagar praksis:
- 10 dagar som del av PEDA130
- 10 dagar som del av NODI100-P
- 2 x 35 dagar som eigne langpraksisemne
- 10 dagar kampuspraksis
På masterstudiet skal det skrivast ei masteroppgåve med eit omfang på 70-110 sider, etterfølgd av ein munnleg eksamen. Masteroppgåva gir 60 studiepoeng. Tema for masteroppgåva kan hentast frå alle disiplinar i nordiskfaget, inkludert fagdidaktikk. Temaet skal vere godkjent i eit prosjektførebuande emne før arbeidet tek til. Det er gjort meir greie for masteroppgåvearbeidet i ein eigen emneplan.
Rekkefølgje for emne i studiet
1. semester (haust):
I første semester tar studentar 10 studiepoeng i fag 1, ex.phil., og 10 studiepoeng pedagogikk inkludert 10 dagar praksis.
Førstesemesterstudiet:
- EXPHIL-HFSEM/EXPHIL-HFEKS Examen philosophicum (10 stp)
Nordisk:
- NORD100 (10 stp)
Pedagogikk og praksis:
- PEDA130 med 10 dagar praksis i skolen (10 stp)
2. semester (vår):
I andre semester tar studentar 30 studiepoeng i fag 1 og to kampuspraksisdagar.
Fag 1, 30 studiepoeng:
Nordisk:
Praksis:
3. semester (høst):
I tredje semester tar studentar 20 studiepoeng i fag 2 og 10 studiepoeng i fagdidaktikk i fag 1.
Fag 2, 20 studiepoeng:
- Engelsk: ENG100 (10 stp) og ENG112L (10 stp)
- Fransk: FRAN123 (10 stp) og FRAN124 (10 stp)
- Tysk: TYS100 (10 stp) og TYS115 (10 stp)
- Spansk: SPLA100L2 (10 stp) og SPLA110 (10 stp)
- Historie: HIS120 (5 stp) og eitt av emna HIS108/HIS113/114/115/116 (15 stp)
- Religionsvitskap: RELV103 (15 stp) og RELV107 (5 stp)
- Sosiologi: SOS100B (10 stp) og MET104 (10 stp)
Fagdidaktikk i nordisk og praksis, 10 studiepoeng:
- NODI100-P med 10 dagar praksis i skolen (10 stp)
4. semester (vår):
I fjerde semester tar studentar 30 studiepoeng i fag 2 og to kampuspraksisdagar.
Fag 2, 30 studiepoeng:
- Engelsk: ENG110 (15 stp) og ENG125 (15 stp)
- Fransk: FRAN120 (10 stp), FRAN121 (10 stp) og FRAN122 (10 stp)
- Spansk: SPLA107 (10 stp), SPLA108 (10 stp) og SPLA109 (10 stp)
- Tysk: TYS105 (10 stp), TYS106 (10 stp) og TYS108 (10 stp)
- Religion: RELV101 (15 stp) og RELV105 (15 stp)
- Historie: HIS101 (15 stp) og HIS102 (15 stp)
- Sosiologi: SOS101 (10 stp), MET103 (10 stp) og valemne i sosiologi (10 stp)
Praksis:
5. semester (høst):
I femte semester tar studenten 10 studiepoeng i fag 1, 10 studiepoeng i pedagogikk og 10 studiepoeng i fagdidaktikk i fag 2. I tillegg har studentar 35 dagar praksis, og ein kampuspraksisdag.
Fag 1, Norsk som andrespråk, 10 studiepoeng:
- NORAN204-L (10 stp)
Pedagogikk, 10 studiepoeng:
- PEDA131 (10 stp)
Fagdidaktikk i fag 2, 10 studiepoeng:
- Engelsk: ENGDI100 (10 stp)
- Fransk, spansk, tysk: FRAMDI100 (10 stp)
- Historie: HIDI100 (10 stp)
- Religionsvitskap: RELDI100 (10 stp)
- Sosiologi: SAKDI102B (10 stp)
Praksis:
- 35 dagar praksis i skolen
- KPDAG5-HFSV
6. semester (vår):
I sjette semester tar studentar 20 studiepoeng i fag 1, og 10 studiepoeng (bacheloroppgåve) i fag 2.
Fag 1, 20 studiepoeng:
Fag 2, 10 studiepoeng med bacheloroppgåve:
Engelsk: anten ENG265L eller ENG267L eller ENG266L eller ENG268L (10 stp)
Fransk: anten FRAN255L eller FRAN256L (10 stp)
Spansk: SPLA256 (10 stp)
Tysk: TYS255 (10 stp)
Religion:RELVI250L (10 stp)
Historie: HIS250L (10 stp)
Sosiologi: SOS250 (10 stp)
7. semester (haust):
I sjuande semester tar studentar 30 studiepoeng i fag 1, og to kampuspraksisdagar.
Fag 1, nordisk masternivå, 30 studiepoeng:
To av emna
Studentar som ønskjer det, kan utan søknad byte ut desse emna med andre 300-nivåemne med NOLI- eller NOSP-kode. Emne frå andre delar av dei nordiske faga kan passast inn etter søknad.
Praksis:
8. semester (vår):
I åttande semester tar studentar 10 studiepoeng i fag 1, 10 studiepoeng i fagdidaktikk i fag 1 og 10 studiepoeng i pedagogikk. I tillegg er det 35 dagar i langpraksis og ein kampuspraksisdag.
Fag 1, 10 studiepoeng:
- NOLISP300-L, 10 stp.
Fagdidaktikk i nordisk, 10 studiepoeng:
- NODI300 (10 stp)
Pedagogikk, 10 studiepoeng:
- PEDA132 (10 stp)
Praksis:
- 35 dagar praksis i skolen
- KPDAG8-HFSV
9. semester og 10. semester (haust og vår):
I niande og tiande semester skriv studentar masteroppgåva si. I tillegg er det to kampuspraksisdagar i tiande semester.
Nordisk masternivå:
- Masteroppgåve: NOLISP350 (60 stp)
Alle emna i kursdelen på masternivå (60 stp) må vere greidd før innlevering av masteroppgåva.
Praksis (10. semester):
Delstudium i utlandet
Studentane blir oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle.
Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand og kan bli rettleidd og avtalt i samarbeid med studiekonsulent på programmet og dei fagleg ansvarlege institutta
I lektorprogrammet i nordisk er det tilrådd med utveksling i 4. og 7. semester, avhengig av fagkombinasjon og om det er fagleg og praktisk mogleg.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som metodar knytte til faget. Studenten skal gjennom studiet få møte undervisning i ulike former med ulike typar lærings- og refleksjonsaktivitetar (t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, aksjonsforsking, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy). For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.
Læring gjennom rettleidd praksis i skulen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planleggje og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.
Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevar si læring og utvikling.
I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.
Vurderingsformer
I studiet inngår varierte vurderingsformer, til dømes skriftleg og munnleg eksamen, heimeeksamen og mappevurdering. Sjå emneplanane for nærare opplysningar.
Karakterskala
Ved UiB er det to typar karakterskalaer:
«greidd» / «ikkje greidd»
Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F
Sjå emneplanane for nærare opplysningar.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.
Grunnlag for vidare studium
Studiet kan kvalifisere for doktorgradsstudium i relevante program.
Relevans for arbeidsliv
Lektorutdanning med master i nordisk kvalifiserer for tilsetting på trinn 8-13 i den norske skolen. Lektorutdanninga gir grunnlag for undervisning i norsk og fag 2 i studiet og kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudium.
I tillegg gir lektorutdanning eit godt grunnlag for yrke utanfor skolen der fagkunnskap, formidling og relasjonskompetanse står sentralt, bl.a. i media, organisasjonar, forvalting og forlag.
Evaluering
Programmet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Skikkavurdering og autorisasjon
Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 859) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre leddet).
Programansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Felles programstyre for lektorutdanning ved UiB har eit overordna koordinerande ansvar.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet, dersom du har spørsmål:
lektor@hf.uib.no, tlf. 55 58 93 82