Studieplan for MAMN-INFSI Sikker og påliteleg kommunikasjon, haust 2024
Namn på grad
Mastergrad i informatikk - sikker og pålitelig kommunikasjon.
Omfang og studiepoeng
Masterprogrammet i informatikk har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål og innhald
Mål:
Å utvikle studentar til masternivå innan emna kodeteori, telekommunikasjon, kryptografiske primitiv og både nettverkskoding og nettverkstryggleik. Dei tilhøyrande matematiske algoritmane og strukturane vil bli dekt. Målet er både å forbereie studentane på ei framtid i næringslivet i informatikk eller matematikk eller sikkerheit, og/eller ei akademisk karriere.
Innhald:
Programmet inneheld emne innan kodeteori, informasjonsteori, kryptografi, nettverk-informasjonsteori og nettverkstryggleik. Kvar student fullfører i tillegg ei masteroppgåve på eit relevant emne i samarbeid med ein rettleiar. Alle emna fullførast på eit semester og blir vurdert på grunnlag av ein kombinasjon av innleveringar og eksamenar.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- Er kjent med noverande kunnskap på områda kodeteori, telekommunikasjon, kryptografi og nettverkstryggleik.
- Er kjent med nært føreståande utviklingar i dei ovennevnte områda.
- Har meistra den matematiske teorien som understøtter dei ovennevnte områda.
Ferdigheiter
Kandidaten
- Kan analysere og designe system for kodeteori, telekommunikasjon, kryptologi og nettverkstryggleik.
- Vere i stand til å simulere system ved hjelp av programmering.
- Har gjennom arbeidet med masteroppgåva noko kjennskap til korleis å utføre forsking innan spesialistområde, og er i stand til å arrangere og presentere sånn forsking i form av eit dokument (avhandling).
Generell kompetanse
Kandidaten
- Kan assimilere forskjellige tema i kurset og skjønne korleis dei relaterer til kvarandre.
Opptakskrav
Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad frå Institutt for informatikk, eller fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB (BAMN-BINF, BAMN-DSIK, BAMN-DTEK, BAMN-DVIT, BATF-IMØ, BAMN-INF)
- Bachelorgrad i Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) med minst 15 STP (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) matematikk valgemner
- Bachelorgrad i Kognitiv vitskap med spesialisering informatikk
- Bachelorgrad i kunstig intelligens (BASV-AIKI) kvalifiserer dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget). Minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 av desse 80 studiepoenga må være matematikk. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 / INFO104 tel som informatikkemne. INF-emne og INFO-emne som er ekvivalente med INF-emne tel som informatikk-emne.
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- Bachelor Dataingeniør fra HVL
- Bachelor Informasjonsteknologi fra HVL
- Bachelor kommunikasjonsingeniør fra HVL
Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 (og tilsvarande emne) tel som informatikkemne.
Du må også ha:
- ein snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program
Tilrådde forkunnskapar
Ein relevant bachelorgrad som ein bachelorgrad innan informatikk, matematikk, fysikk, også bortover. Ein bør ha ein solid bakgrunn innan matematikk og vere ein kunnig programmerar. Det er sterkt anbefalt å ha grunnleggjande kunnskap om naturvitskaplege emne, spesielt då grunnleggjande kurs innan matematikk og informatikk.
Obligatoriske emne
Studiet har to komponentar: emnedel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng. Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid om utgjer (30 eller) 60 studiepoeng.
Obligatoriske emne i mastergraden i sikker og påliteleg kommunikasjon er:
INF234 Algoritmar
INF240A Grunnleggjande reiskap for kodeteori og kryptografi
Tilrådde valemne
40 studiepoeng i mastergraden er valfrie og skal veljast i samrå med rettleiar.
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.
Delstudium i utlandet
Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.
Undervisningsmetodar
Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i form av førelesningar, gruppearbeid, seminar. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.
Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.
Vurderingsformer
Studiet avsluttast med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.
Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Karakterskala
Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.
For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.
Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.
Grunnlag for vidare studium
Masterstudiet gjev grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).
For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.
Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.
Relevans for arbeidsliv
Etter å ha fullført denne mastergraden er ein kvalifisert til å jobbe innan blanta anna desse felta:
- Datastøtte og drift for store selskap
- Sikker data, telekommunikasjon og Internett systemdesign
- Tryggleik i banksystem
- Nettverk infrastruktur med eit fokus på påliteligheit, personvern og tryggleik
- Design og utvikling av nye kryptografiske primitiv
- Dei utallige andre selskapa der datamaskinar, telekommunikasjon, personvern, påliteligheit og tryggleik er påkrevd
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Adminstrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studieveileder@ii.uib.no
Tlf 55 58 42 00