Dette vil dei nye SV- leiarane
Leiarane på SV-fakultetet kom saman på vakre Solstrand og tenkte høgt om dei neste fire åra for samfunnsfaga på UiB. Dekan Jan Erik Askildsen leiar framleis skuta, og med ny prodekan og visedekan, samt fem nye instituttleiarar, var det tida for å få fram nye tankar.
Hovedinnhold
Ambisjonen er å vidareutvikle det dynamiske samfunnsvitskapelege miljøet vårt. Med 4200 studentar, 400 tilsette og doktorgradskandidatar frå hele verda, har vi alle forutsetningar for å hevde oss i toppen.
- Jan Erik Askildsen, dekan ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Bergen
Jan Erik Askildsen er i gong med fire nye år som dekan ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet på Universitetet i Bergen. Med seg i dekanatet har han prorektor for forsking, Siri Gloppen, og visedekan for utdanning, Kristine Jørgensen. Etter instituttleiarvalet i vår har det også blitt fleire nye ansikt i resten av leiargruppa, der fem av sju instituttleiarar er nye i stolen.
– Framover blir det viktig å prioritere god kommunikasjon internt, og sikre transparente prosessar. Vi vil føre ein aktiv politikk for inkludering og mangfald, seier Askildsen.
Team Askildsen har høge ambisjonar for korleis det samfunnsvitskapelege miljøet ved UiB skal utvikle seg dei neste fire åra.
– Ambisjonen er å vidareutvikle det dynamiske samfunnsvitskapelege miljøet vårt. Med 4200 studentar, 400 tilsette og doktorgradskandidatar frå hele verda, har vi alle forutsetningar for å hevde oss i toppen.Vi vil styrkje den forskingsbaserte utdanninga, vere ein premissleverandør innan UiB sine strategiske satsingar, og ein ettertrakta studiestad. Forskinga vår er, og skal vere av høgste kvalitet. Vi vil søkje å bevare faga sin eigenart, samtidig som vi legg til rette for tverrfagleg forsking og undervising, seier han.
Sjå også bildetekstene under, for dei ulike leiarane sine tankar for dei neste fire åra.