Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Merittering

To nye framragande undervisarar på SV!

At professorane Regine Paul og Lars Nyre er eineståande undervisarar har studentane visst lenge, men no har dei det svart på kvitt! Begge har no blitt meritterte til den gjeve tittelen «framragande undervisar».

fremragende undervisere Lars Nyre Regine Paul
Professorane Regine Paul (politikk og forvaltning) og Lars Nyre (medievitenskap) vart meritterte til "framragande undervisarar" av SV- fakultetet.
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

Hovedinnhold

SV – fakultetet gjorde i dag stas på to av sine beste undervisarar, med å gi dei formell merittering som framragande undervisarar.

SV – fakultetet si meritterings- ordning går til undervisarar som har utvikla undervisninga si over tid. I kriteria står det at dei skal ha fokus på studentane si læring, har ei forskande tilnærming til undervisninga, og dessutan bygge opp under kollegaene sine.

fremragende undervisere Regine Paul og Lars Nyre

Visedekan for undervisning Kristine Jørgensen, og dekan Jan Erik Askildsen delte ut diplom og blomar til dei nyslådde meritterte undervisarane Regine Paul og Lars Nyre.

Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

– Eg behandlar studentane mine som meir robuste enn dei er, og så blir dei det, seier Lars Nyre om metoden han brukar i undervisninga i medievitskap.

Også Regine Paul, som underviser i politikk og forvaltning, er oppteken av å legge til rette for at studentane kan bli sjølvstendige og kritiske.

– Eg prøver å få fram kva som er den sosiale relevansen av kunnskapen vi sit på. Der er ekte problem i verda som må løysast, og vi kan vere med å finne løysingane, seier ho.