Stolpejakten 2025
Stolpejakten er klar på Arboretet og Botanisk hage, Milde!

Hovedinnhold
Stolpejakten er klar på Arboretet og Botanisk hage, Milde! I år har vi ein ny vri med ekstra informasjon om utvalgte planter frå heile verda på stolpane. Sjå etter QR-kodane på stolpane. I samband med Friluftslivets år 2025 ønsker vi å løfte inkludering og mangfald, og innan planteverda er Arboretet verkeleg heilt unik. Dei store plantesamlingane omfattar meir enn 5000 planteslag frå fjern og nær. Nokre av dei ønskjer vi å fortelje litt meir om.
Årets stolpejakt er lett for dei fleste å finne, stolpane er lagt til turvegar og enkelt terreng, innan vanskegrad grønn og blå. Du må laste ned Stolpejakt-appen, og så er du klar. Visste du at Hestekastanjen på bøen ved Blondehuset er frå Balkan? Og kvar trur du papegøyebuska veks i Arboretet?
Ta bybanen til Birkelandsskiftet og buss 53 vidare til busstoppen ved Fana folkehøgskule for å kome i Arboretet eller siste stopp, Botanisk hage. Stor og gratis parkering ved Dalsmyra, og parkering også ved Botanisk hage. Ein liten kilometer å gå på grusveg inn til Blondehuset Kafé, i hjartet av Arboretet. Kafeen opnar for sesongen på søndag (6. april, kl. 11-15).
Velkommen!