Hjem
Studentsider
erasmus+

Université catholique de Lille og Institutt for politikk og forvaltning (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByLille
  • Studieplassar6
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterprogrammet Politics and Governance of Global Challenges har fortrinn på plassane, før andre studentar frå politikk og forvaltning. Søkarar frå andre fagområde blir vurderte om det er ledige plassar.

Når i studiet kan eg reise

Ein reiser på utveksling i 3. semester på masterprogrammet Politics and Governance of Global Challenges.

På andre studieprogram reiser ein normalt ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk og fransk. Det er krav om B2-nivå i undervisningsspråket.

Universitetet tilbyr fransk språkkurs til utvekslingsstudentar.

Kva emne kan eg ta

Avtalen er knytt til European School of Political and Social Sciences (ESPOL) og dei tilbyr eit bredt utval av emne på engelsk både på bachelor og master nivå. Du kan òg ta emne på fransk.

ESPOL tilbyr masteremne innan global og europeisk politikk, matpolitikk og berekraftig utvikling, internasjonal og tryggingspolitikk, og digital politikk og styresett. Dei tilbyr bacheloremne innan statsvitskap, internasjonale relasjonar, filosofi og økonomi.

Hei finn du ein oversikt over studieprogramma ved ESPOL. Du kan kombinera emne frå ulike studieprogram.

Ein fulltidsstudent skal ta 30 ECTS per semester. Emna utgjer normalt 3-6 ECTS, du må derfor rekne med å ta fleire emne per semester enn du normalt vill gjort heime. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Det katolske universitetet i Lille blei grunnlagt i 1875 med sine fem grunnleggande fakultet. Universitetet er samansett av flere skuler og institutt, inkludert ESPOL (statsvitenskap), ISEA (regnskap), Institutt for etikk og filosofi og IU2S (helseadministrasjon).

Lille er ein by med rundt 250 000 innbyggarar, som ligg i regionen Hauts-de-France, heilt nord i Frankrike, nær grensa til Belgia. Det er ein universitetsby, og nesten halvparten av innbyggarane her er studentar. Lille har gode togsamband, og byen er del av eit større storbyområde med om lag 1,7 million innbyggarar. Det tek om lag ein time å kome seg til Paris med tog frå Lille.

Bustad

Utvekslingsstudentar kan søke om studentbustad nær universitetet sine campusar.

Semesterinndeling

September – desember og januar - mai

Bygningar og parkar på campus
Foto/ill.:
© ESPOL

Informasjon