Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Karriere

Vitenskapelig assistent på DIGSSCORE

Ingrid Kvåle Faleide fullførte i 2020 sin mastergrad ved sampol. Etter å ha tatt «SAMPOL324 Praktisk empirisk forsknings» og «SAMPOL332 Videregående regresjonsanalyse» som valgfag, landet hun kort tid senere stillingen som vitenskapelig assistent ved DIGSSCORE.

Hovedinnhold

Eg fekk Medborgerstipendet til å skrive masteroppgåva mi, det var ein fin inngang til DIGSSCORE-miljøet. Det er mange slike tilbod til masterstudentar som kan by på liknande mogelegheiter i ulike fagmiljø.

Hvor jobber du nå / hva jobber du med?
Eg er vitskapleg assistent på DIGSSCORE. Her jobbar eg med koordinering og tilrettelegging for Norsk medborgerpanel og tre nye sub-populasjonspanel: Representantpanelet, Forvaltningspanelet og Journalistpanelet. I tillegg behandlar og analyser eg data samla inn ved DIGSSCORE, og hjelper andre som ønskjer å gjere det same. Eg gjennomfører også pilotering av undersøkingar og sørgjer for at sosiale media og internettsider er oppdaterte. Elles inngår tilrettelegging for fagleg aktivitet, møte, og prosjektarbeid ved DIGSSCORE i stillinga mi.

Hva er det beste med jobben din - og det mest utfordrende?
At det er ei rekrutteringsstilling. Her får eg prøvd meg på mykje forskjelleg, mi eiga faglege utvikling er i fokus samtidig som eg får gjort mykje nyttig for andre. Eg kunne ikkje ha fått ein betre overgang frå å vere student. Det er eit veldig flott og inkluderande miljø på DIGSSCORE som gjer det enkelt å spørje om hjelp og forklaring. Det mest utfordrande er kanskje kva eg skal gjere vidare – ein kan jo ikkje vere vit.ass. for alltid.        

Hvorfor valgte du å studere sammenliknende politikk (sampol)?
Det var Frank Aarebrot som gjorde at eg fekk auga opp for akkurat SAMPOL. Då eg gjekk på vidaregåande sat eg heime framfor fjernsynet og såg på dei lange NRK-sendingane hans. Eg jobba så som journalist i nokre år, og tykte det var kult at ein alltid kunne ringe til han og få eit svar eller ei forklaring på det ein lurte på. Eg rakk akkurat å ta SAMPOL105 det siste semesteret han underviste.   

Hvordan har utdannelsen din hjulpet deg i å få jobben du har nå? På hvilken måte drar du nytte av det du har lært på sampol i jobbsammenheng?
Jobben eg har no er veldig tett knytt til utdanninga mi. Då eg hadde levert master spaserte eg opp ei trapp frå lesesalen og heldt omtrent fram der eg slapp. Det er vel knapt eit einaste fag eg ikkje har bruk for i kvardagen. På master valde eg berre metodefag som valfag. Det er ingen tvil om at det er det eg lærte i «SAMPOL324 Praktisk empirisk forsking» og «SAMPOL332 Vidaregåande regresjonsanalyse» som har gjort at eg sit her i dag. Arbeidsoppgåvene mine kan eigentleg beskrivast som ei forlenging av desse to faga. 

Føler du at utdannelsen ved Institutt for sammenliknende politikk har gitt deg en kompetanse som er ettertraktet i arbeidsmarkedet?
Absolutt. Eg les veldig mange stillingsannonsar som eg kjenner meg kvalifisert til, samtidig kjem eg like ofte over jobbar som eg tenker passar betre for ein av medstudentane mine. Det stilege med SAMPOL er at vi med same utdanning kan passe inn i så mange ulike miljø og stillingar. 

Hva vil du anbefale til studenter som ønsker en tilsvarende jobb?
Eg fekk Medborgerstipendet til å skrive masteroppgåva mi, det var ein fin inngang til DIGSSCORE-miljøet. Det er mange slike tilbod til masterstudentar som kan by på liknande mogelegheiter i ulike fagmiljø. Elles vil eg anbefale å bli med på så mange forskingsgruppemøter og andre akademiske arrangement som du kan for å få innblikk i korleis det er å arbeide med forsking.