Politiske forklaringar på seksuell og reproduktiv helse
Trygg og lovleg abort, tilgang til helsetenester for men som har sex med men, HIV-overføring. Professor Siri Gloppen er klar for å tilsette ein ny post-doc på Institutt for samanliknande politikk. Fokuset for prosjektet er på politiske forklaringar på seksuell og reproduktiv helse i Afrika.
Hovedinnhold
Med nyvunnen støtte frå GLOBVAC-programmet til Noregs forskingsråd er ei internasjonal og fleirdisiplinær forskargruppe klar til å forsøke å identifisere dei politiske faktorane som ligg bak lovene som kriminaliserer abort og homoseksualitet i mange afrikanske land, samt effekten desse har på seksuell og reproduktiv helse. Med namnet GLOBVAC, kort for «Global helse- og vaksinasjonsforskning» kan ein med rette sjå føre seg ei orientering mot medisinsk forsking. «Men medvitet om at politisering og kriminalisering kan påverke folkehelsa er aukande,» seier leiaren for prosjektet, professor Siri Gloppen. Det er her dette prosjektet har sitt bidrag.
Politikk påverkar helse gjennom straffelov og haldningar
Gjennom straffelov og strafferettsystemet kan politiske avgjerder ha både positiv og negativ påverknad på folkehelsa. Som døme nemner Gloppen kriminaliseringa og den aukande politiseringa av abort og homoseksualitet i mange land verda rundt. Dette påverkar mellom anna helsearbeidarar sine evner til å møte problemstillingar knytt til seksuell og reproduktiv helse i sårbare grupper.
Dei skal samle inn data i ti forskjellige afrikanske land. Tre av desse er hovudsakleg muslimske land i nordlege Afrika, medan dei sju resterande er hovudsakleg kristne land sør for Sahara. Dei representerer eit breitt utval, med nokre land som beveger seg mot meir liberale lover og praksis, medan andre har utvikla strengare regimer overfor homoseksualitet og abort.
«Vi kjem til å fokusere på kjent terreng for statsvitskapen, slik som politisk mobilisering, valpolitikk og politiske haldningar, men med eit konkret fokus på samhandlinga mellom politikk og lover slik denne spelar seg ut rundt desse moralsk ladde temaa. Men vi kjem også til å utforske korleis dette vidare påverkar helse, alt frå helsepolitikk, praksis og haldningane til helsearbeidarar, til helsetenestene si oppfatningsevne og den mentale helsa i pasientgrupper», seier Gloppen.
Ei stor fleirdisiplinær gruppe – og ein ny post-doc
Prosjektet er internasjonalt og fleirfagleg og bringer saman forskarar frå ti land, med akademisk bakgrunn i eit spenn frå samfunnsforsking til rettsvitskap, psykologi og medisin. Det blir koordinert frå Centre on Law and Social Transformation (LawTransform), eit samarbeid mellom Chr. Michelsens Institutt (CMI) og Universitetet i Bergen, under leiing av Gloppen og lagt til Bergen Resource Centre.
Frå Institutt for samanliknande politikk har Gloppen med seg fire kollegaar: Professor Lise Rakner, førsteamanuensis Elisabeth Ivarsflaten, post-doktor Camilla Gianella og doktorgradsstipendiat Vegard Vibe. Dei vil bidra innanfor kvart av sine ekspertiseområder, frå spørjeundersøkingsmetode til særkjennskap om utvalde land, emne og teoretiske tilnærmingar. I tillegg vil det bli tilsett ein ny post-doc ved Instittutt for samanliknande politikk for å jobbe på prosjektet.