Hjem

Norsk som andrespråk, årsstudium

Årsstudium i norsk som andrespråk handlar om det å lære norsk. Korleis er det å lære norsk som eit nytt språk? Korleis er læringsprosessane, og i kva grad verkar sosiale faktorar inn på språklæring og språkbruk? Studiet gir deg eit godt grunnlag for å undervise i norsk språk til menneske med andre morsmål.
  • Lengde1 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartVår

Hovedinnhold

Velkommen til studiestart på årsstudium i norsk som andrespråk på Det humanistiske fakultet!

Dette programmet har oppstart våren 2025. Du kan begynne å studere allereie i haust om du ønskjer det. Da kan du lese vidare for praktisk informasjon.

Frammøte: Studiestart er 12. august. Oppmøtestad er Sydneshaugen skole, Aud. A kl. 09:00.

Program: Her finn du program for studiestarten og informasjon om velkomstveka på ditt fakultet

Ta med: Ta med deg mat og drikke, og gjerne noko å skrive på og med.

Bli klar som student: Meir informasjon om det du treng å vite og gjere før studiestart, finn du på Ny student-sida 

Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 93 70 eller send oss ein e-post: studieveileder@hf.uib.no

Vil du sjå studielivet på HF? Følg oss på @uibhf på Instagram

Kva lærer du? 

På dette programmet lærer du om typiske trekk ved språket og språkutviklinga til dei som har norsk som andrespråk, også kalla andrespråksinnlærarar.   

Du vil blant anna få:   

  • brei kunnskap om typiske trekk ved språket og utviklinga til andrespråksinnlærarar   
  • brei innsikt i andrespråkslæringsteori og språkdidaktiske spørsmål   
  • brei kunnskap om norsk lydlære, grammatikk og ordforråd   
  • kunnskap om fleirspråklegheit på individ- og samfunnsnivå  

Studiekvardag 

Årsstudium i norsk som andrespråk er eit fulltidsstudium. Det er om lag 16-20 timar undervisning i veka. Det er sjølvstudium som gjeld når det ikkje er forelesing eller seminar. Studentane vel ofte å danne studiegrupper, der dei arbeider og løyser oppgåver saman. Du kan med andre ord organisere studia dine både som gruppearbeid og individuelt arbeid, litt etter korleis du likar å jobbe.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. 

På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.  

Kva kan du jobbe som? 

Studiet passar for deg som kan tenke deg å undervise barn, unge og vaksne som lærer norsk som andrespråk.   

Du kan for eksempel arbeide med:   

  • vaksenopplæring  
  • undervisning i skolen  
  • norskopplæring i organisasjonar, som for eksempel Raude Krossen 
  • kulturformidling  
  • språkarbeid i det private næringslivet, for eksempel som fagkonsulent i forlag  

I skolen og i vaksenopplæringa er det i dag eit stort behov for kompetanse om korleis barn, unge og vaksne lærer norsk som andrespråk, og korleis ein kan legge til rette for at læring skal skje.

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse. 

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiets oppbygging 

Programmet omfattar eitt akademisk år (to semester) og startar i januar. Studiet inneheld seks emne og du tar 30 studiepoeng kvart semester.   

1. semester

2. semester

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Studentane på årsstudium i norsk som andrespråk har ikkje anledning til å reise på utveksling. 

Vidare studiemoglegheiter 

Årsstudium i norsk som andrespråk kan utgjere eitt år av bachelorgrad i norsk som andrespråk. Med bachelorgrad kan du søke på masterprogrammet i nordisk. Med ei masteroppgåve innan feltet norsk som andrespråk kan det særleg opne seg moglegheiter for å få arbeid innan forsking og språktesting.    

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar.lle@uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen 

Søk her