Hjem
Senter for vitenskapsteori
Covid-19

UiB-forskar med leiarartikkel om Covid-19

Bruna De Marchi, forskar ved Senter for vitskapsteori ved UiB, har skrive leiarartikkelen i den første spesialutgåva av tidsskriftet Culture e Studi del Sociale.

Cinema sign: The World is Temporarily Closed
Det at det tok så lang tid å innrømme at Covid-19-krisa var alvorleg og global, gjorde at ein blei nøydd til å innføre meir avgrensande tiltak enn det som ville vore naudsynt dersom ein hadde førebudd seg og planlagt betre, seier De Marchi.
Foto/ill.:
Edwin Hooper/Unsplash

Hovedinnhold

 Med hennar forskingsbakgrunn innanfor risiko og katastrofer var ho eit naturleg val då tidsskriftet bestemte seg for eit fokus på Covid-19-pandemien og konsekvensane av denne. Culture e Studi del Sociale er eit italiensk tidsskrift med open tilgang som legg til rette for diskusjon og refleksjon blant akademikarar og sivilt samfunn innanfor humaniora og samfunnsvitskap. Den nye spesialutgåva heiter Life in the Time of COVID-19. Disasters, Resilience, and Future, og alle artiklar er denne gong på engelsk sidan tidsskriftet meiner det er avgjerande å dele kunnskap frå fleire fagfelt i denne perioden.

I tillegg til Bruna De Marchi sin leiarartikkel, Social Vulnerability and Resilience in the Covid-19 Crisis, inneheld utgåva både essay, erfaringar og samanlikningar frå italienske og internasjonale bidragsytarar. Sjølv om utgåva blei publisert i juni, blei mange av artiklane skrive i midten av mai, då mange land var gått i gang med å redusere naudtiltaka sine.

Pandemien - meir enn berre ei helsekrise

I leiarartikkelen fokuserar De Marchi på nokre av dei store sårbarheitane pandemien kasta lys over, som underskotet på kunnskap og den store usikkerheiten, samt nokre av dei rikare nasjonane sine vanskar med å anerkjenne at dei var utsett for risiko. Ho understrekar også at pandemien var mykje meir enn berre ei helsekrise, og kvifor vi treng å studere han gjennom fleire ulike perspektiv. I starten av pandemien var det hovudsakeleg ekspertar frå biomedisinen som blei rådspurt, and sjølv om fleire andre fagfelt blei involverte seinare, så var det lite rom for synspunkta til samfunnsfaga, humaniora og etikken. Matematiske modellar har likevel avgrensingar, og tal er aldri sikre, så dei kjem aldri til å vere tilstrekkelege når det gjeld dei grunnleggande spørsmåla og etiske vala vi møter under ei slik krise.

Sosial distansering – eit misvisande uttrykk

De Marchi skriv om utfordringane vi har hatt under pandemien, men også teikna på motstandskraft som har vist seg i denne perioden. Måten nedstenginga av samfunnet avgrensa tilgangen vår til sosiale nettverk gjorde ting spesielt vanskelege, sidan slike nettverk vanlegvis er dei vi vender oss til for støtte under kriser. Ein særs vanleg respons til den fysiske distanseringa var likevel sosial nærleik gjennom nye metodar og kommunikasjonskanalar, skriv ho.  Kreative initiativ som spontan song frå balkongar og applaus for førstelinja uttrykte teikn på optimisme og slitestyrke, og kan dermed sjåast på som døme på kortsiktig motstandskraft i folket. «Aldri har eit utrykk vore så misvisande som ‘sosial distansering,’» seier De Marchi. «Uttrykket blei teke i bruk i offisiell sjargong og ukritisk brukt og spreidd via media, men innebar i røynda fysisk distansering.»

Quarantined Italians sing from balconies to lift spirits

Spontan song frå balkongar i Italia under pandemien.

Produsent:
The Guardian

Vegen mot langsiktig motstandskraft

Sjølv om desse teikna på motstandskraft kan ha redusert frykt og uro i ein periode, så er dei ikkje tilstrekkelege på lang sikt, skriv De March. Langsiktige konsekvensar av pandemien er vanskelege å spå, men for at eit samfunn skal vere motstandsdyktig over lengre tid må det vere i stand til å tilpasse og endre seg for å kunne finne vegen ut av krisa. Eit økosystem i naturen kan komme seg etter ei krise ved å ofre delar av populasjonen, men dette er openbert ikkje eit alternativ for eit menneskesamfunn. Ved å vise til Silvio Funtowicz og Jerome Ravetz sin idé om post-normal vitskap, argumenterar De Marchi for at det beste alternativet i den post-normale situasjonen vår er ei fleksibel tilnærming til problemet. Dette inneber blant anna erfaringslæring, å utnytte alle ressursar og former for kunnskap tilgjengeleg for oss, og å anerkjenne mangfaldet av verdiar.

Ein ny normalitet er i ferd med å bli til

De Marchi konkluderar med at ein full innsats frå heile samfunnet er avgjerande for å betre motstandsdyktigheita vår i møte med den noverande krisa og moglege framtidige kriser. Som Funtowicz nyleg påstod i ein kritikk av sirkulær økonomi, så er det ikkje mogleg å gå tilbake til det ‘normale’ etter pandemien. «Ein ny normalitet er i ferd med å bli til, som vi verken kan føresjå eller planlegge,» skriv De Marchi. «Vi treng ingen heltar, om dei no er vitskapsfolk eller helsepersonell. Vi treng at folk gjer sitt som ansvarlege medborgarar, uansett kva rollar, verv eller mandat dei har.»