Hjem
Senter for vitenskapsteori
Årleg SVT-symposium

Et sjukt samfunn - ei utforsking av tilhøvet mellom kunnskap og handling i ein pandemi

SVT-symposiet 2021 fokuserte på tilhøvet mellom kunnskap og handling i Covid-19-tider.

Murmuration of starlings
Dette biletet av trekkfuglar i ein halefinneformasjon illustrerer koreografiar av kunnskap og handling: Nye mønster, nye føremål.
Foto/ill.:
Sue Cro/Flickr - Tail Fluke Murmuration November 2018

Hovedinnhold

Om symposiet

SVT-symposiet 3. desember 2021 utforska tilhøvet mellom kunnskap og handling i ein pandemi. Dette tilhøvet er komplekst og prega av usikkerheit, og samfunna våre har respondert med unntakstilstand. Denne tilstanden har vidare redusert førestillinga vår av helse til ein enkelt verdi, og politisk handling til éin plan – å redusere smitte. I arbeidet med smittereduksjon har ein lent seg tungt på vitskap og teknologi, noko som har avdekt viktige sider ved forsking i sosiale, politiske og økonomiske samanhengar der mykje står på spel.

I symposiet, som vi har kalla ‘sick society,’ ønskjer vi å kritisk undersøke den vedvarande unntakstilstanden vi opplever, samt utforske vitskapen sitt ansvar for å informere politisk handling i komplekse og usikre situasjonar. Korleis er vitskapen med på å legitimere dei omfattande styringstiltaka som omformar kvardagsliva våre? På kva måtar kastar vitskapen seg rundt for å møte utfordringane i den pågåande pandemien? Og kva type data og kunnskap blir brukt (og kva blir ikkje brukt) for å støtte opp under politiske avgjersler?

Den siste posten på programmet fokuserer på tilhøvet mellom kunnskap og handling i praksis.  Vi samlar eit panel av aktørar som blei nøydde til å tolke og implementere dei mange nye tiltaka som kom med den delvise stenginga av samfunnet for å halde oppe drifta i skular, barnehagar, sjukehus og nyheitsmedium.

Hovuddelen av symposiet kjem til å bli halde på engelsk, medan panelsamtalen som startar 15:30 kjem til å vere på norsk.

Digital deltaking

Påmeldinga til fysisk deltaking er no stengt. Symposiet kjem også til å bli strøyma live på Zoom. Ein treng ikkje å registrere seg for å følge symposiet digitalt - berre klikk på denne lenka kl. 9.30 fredag 3. desember. 

Program

9:00

Dørene opnar - kaffi, te og forfriskingar.

09:30 – 09:45

Velkomsttale ved dekan ved Det humanistiske fakultet, Camilla Brautaset

09:45 – 10:00

Opningstale ved Rasmus Slaattelid, senterleiar ved Senter for vitskapsteori (SVT, UiB)

10:00 – 11:30

Sesjon 1: Setting the scene – biopolitics and state of exception

11:30 – 12:30

Lunsj

12:30 – 13:45

Sesjon 2: Organising science for pandemics

  • Ana Delgado - Førsteamanuensis ved Senter for innovasjon, teknologi og kultur (TIK, UiO)
  • Esperanza Diaz – Professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (UiB) og leiar av Pandemisenteret (UiB)

13:45 – 14:00

Kaffipause

14:00 – 15:30

Sesjon 3: Data as evidence for action

  • Kjetil Rommetveit – Førsteamanuensis ved Senter for vitskapsteori (SVT, UiB)
  • Elling Ulvestad – Professor ved Klinisk institutt 2 (UiB) og avdelingssjef ved Mikrobiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus
15:30 - 15:45Kaffipause

15:45 – 16:45

Panel: Å jobbe under koronarestriksjonar i 2020/2021

  • Ida Sæbø Larsen, pedagogisk leiar i Sammen Fagertun barnehage
  • Mille Stenmarck, lege ved Ahus, Oslo
  • Tron Strand, journalist i Bergens Tidende
  • Henrik Olsen, lærar ved Sonans utdanning
  • Caroline Engen, postdoktor ved SVT og lege i spesialisering ved Haukeland universitetssjukehus

16:45 – 16:50

Avslutning av symposiet