Kvar er ansvaret på veg?
Temaet for Senter for vitskapsteori sitt symposium i 2024 er ansvar. Kvar er vurderingane om ansvar på veg, mellom "ikkje lenger" og "ikkje enno"?

Hovedinnhold
Om symposiet
Vurderingar om samfunnsansvar, ofte rundt det forskingspolitiske prinsippet "RRI", ansvarleg forsking og innovasjon, har lenge vore ein av dei viktigaste forskingsinteressene ved Senter for vitskapsteori (SVT).
I løpet av dei siste 15 åra har SVT-forskarar både delteke i prosessar for å implementere RRI, og studert slike prosessar på tvers av ulike fagfelt, kontekstar og forskingsmiljø, i ei rekkje nasjonale og EU-finansierte prosjekt.
I symposiet Kvar er ansvaret på veg? vil vi sjå etter spenningar, samanløp og understraumar når prinsipp om ansvar møter andre normative føringar i kontekstar som helse, berekraft, politikkutvikling og samfunnstryggleik.
Kvar er vurderingane om ansvar på veg, mellom "ikkje lenger" og "ikkje enno"?
Påmelding
Bli med i samtalen! Symposiet er ope for alle, men det er avgrensa kapasitet, så vi anbefalar å registrere seg tidleg for å sikre ein plass. Symposiet blir halde på engelsk og kjem ikkje til å bli strøyma.
Velkomen!
Program
08.30 | Dørene opnar - kaffi, te og forfriskingar |
09.00-09.15 | Opning av symposiet ved Ole Thomassen Hjortland, prodekan for forsking og formidling ved Det humanistiske fakultetet (UiB) |
09.15-10.15 | Sesjon 1: Ansvar og samfunnstryggleik
|
10.15-10.45 | Kaffipause |
10.45-11.45 | Sesjon 2: Ansvar og helse Ordstyrar: Anne Blanchard, førstelektor, Senter for vitskapsteori (SVT) Panelistar:
|
11.45-12.45 | Lunsj |
12.45-13.45 | Sesjon 3: Ansvar og berekraft Ordstyrar: Thomas Völker, postdoktor, Senter for vitskapsteori (SVT) Panelistar:
|
13.45-14.15 | Coffee break |
14.15-15.15 | Session 4: Kvar er ansvaret på veg? Ordstyrar: Roger Strand, professor, Senter for vitskapsteori (SVT) Panelistar:
|
15.15-15.30 | Avslutting av symposiet ved Rasmus Slaattelid, senterleiar ved SVT |