Forskingsprosjekt
Senter for vitskapsteori (SVT) leier og deltek i ei rekke større og mindre forskingsprosjekt.
Hovedinnhold
SVT har dei siste åra lukkast med å hente inn eksterne forskingsmidlar, og nedanfor finn du informasjon om våre noverande prosjekt, prosjektleiarar og finansieringskjelder- og program.
Klikk på prosjektet for meir informasjon.
- Tidlegare prosjekt SVT har leia/delteke i finn du i Avslutta prosjekt.
Europeisk rammeprogram (Horisont 2020)
Excellent Science
Under pillaren Excellent Science har SVT eitt prosjekt innanfor Det Europeiske Forskingsrådet (ERC): CALENDARS. ERC sitt hovudmål er å fremje forsking av høg kvalitet i Europa gjennom å investere i dei beste forskarane og dei beste ideane. SVT har også to SEAS-postdoktorar under Marie Skłodowska Curie Actions (MSCA) COFUND. COFUND har som føremål å stimulere regionale, nasjonale eller internasjonale program som skal fremje kvalitet i forskarane si utdanning, mobilitet og karriereutvikling, samt dele dei beste føredømene blant Marie Skłodowska-Curie-prosjekt.
Noregs forskingsråd (NFR)
Noregs forskingsråd fordeler årleg ti milliardar til forsking og innovasjon som bygger kunnskap for ei berekraftig framtid og møter dei store samfunnsutfordringane.
Prosjekt, senter og forskarskular med støtte frå NFR:
Ph.d.- og postdoktorprosjekt
Per dags dato har SVT ni doktorgradsstipendiatar og ein UiB-finansiert postdoktor som jobbar med følgande prosjekt: