FIGO - Go Figure: Visualizing Climate Change
Med støtte fra Noregs Forskingsråd etablerte SVT eit forskarnettverk som kan bidra til ein breiare kunnskapsbase for å møte klimaendringar med utgangspunkt i visualisering av desse endringane.
Hovedinnhold
FIGO-nettverket har hatt som mål å bidra til ein breiare kunnskapsbase for å møta utfordringar knytte til klimaendringar og relaterte miljøendringar.
Prosjektet er eit nettverksprosjekt som fokuserte på den rollen bilete og andre former for visualisering har i klimaforsking, i forsking og politikkutforming på klimatilpassingsområdet, og i formidling av klimarisiko.
Visuelle framstillingar av klimaendringar har fått relativt lita merksemd i arbeidet med å utvikle ein kunnskapsbase for robuste politiske avgjerdsler. Ofte representerer og forsterkar slike bilete særskilde måtar å forstå klimaendringar på, og dei er dermed kraftfulle verkty for å endre desse forståingsmåtane. Med "klimabilete" er meint visualiseringar av vitskaplege data, illustrasjonar av vitskapleg kunnskap, og bilete brukt i formidling ? frå illustrasjonar av klima-effektar i miljøet, scenarier for å unngå klimaendringar, av tilpassing til klimaendringar og illustrasjonar brukt i politisk aktivisme.
Prosjektet har bygt opp eit nettverk på omlag 25 forskarar frå ulike fag, gjennom 2 arbeidsseminar (januar og november 2016) og ein internasjonal konferanse, S.net 2016 (oktober 2016).