Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
Det gamle og det nye i ordbøkene

Den 17. konferansen om leksikografi i Norden

Vi har gleda av å invitere til den 17. konferansen i regi av Nordisk foreining for leksikografi 24.–26. mai 2023 i Bergen.

Bibliotek for humaniora, UiB
Foto/ill.:
Signe Nilssen

Hovedinnhold

Det gamle og det nye i ordbøkene er temaet for årets nordiske leksikografikonferanse. Vi inviterer til eit breitt samansett program som omfattar alt som gjeld språkleg opphav og endring: etymologi, lån, nyord, innpassing, ord som har gått av bruk, semantisk og grammatisk endring.

Det faglege progammet for konferansen er tredelt, og omfattar plenumsforedrag, parallelle seksjonsforedrag og ein postersesjon.

Plenumsforedrag

Dei tre plenumsforedragshaldarane er:

Åse Wetås frå Språkrådet, Noreg
Ordbøker som infrastruktur
Sjå opptak av foredraget:

Bo-A. Wendt frå Svenska Akademiens ordbok, Sverige
Diakronisk och synkronisk på samma gång? Om diakroni i historiska ordböcker 
Sjå opptak av foredraget: 

Alexander Geyken frå Berlin-Brandenburg Academy of Sciences and Humanities, Tyskland
Digital Dictionary of the German Language: the evolution of its online platform since 2003
Sjå opptak av foredraget:

Program og samandrag

Foredraga er sett opp i parallelle seksjonar. Kvart seksjonsforedrag vil vare i 20 minutt, etterfølgd av fem minutt til spørsmål frå publikum og ytterlegare fem minutt til å strekke på beina og eventuelt byte rom.
Programmet finn du her

I programoversikta er kvart bidrag utstyrt med ei lenkje til det relevante samandraget. NB, visse plattformar, t.d. iPhone, tek brukaren til toppen av samandragsoversikta, og ikkje til det aktuelle samandraget. Du finn difor også lenkjer til dei enkelte samandraga øvst i dokumentet.
Samandraga finn du her

Anna program

Praktisk informasjon

 

Viktige stader for konferansen