Ordbøker
Språksamlingane inneheld store kjeldesamlingar som har blitt utvikla i samband med ordbokarbeid, ofte omtala som leksikografi. Materialet i dei leksikografiske samlingane finst i både digitalt og fysisk format, og det dokumenterer bokmål, nynorsk og norrønt. Språksamlingane forvaltar dei mellomstore standardordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka og det store dokumentariske ordbokverket for nynorsk og dei norske dialektene Norsk Ordbok. Ordbokverksemda ved Universitetet i Bergen er knytt til fleire fagmiljø. Den tekniske drifta og utviklinga av ordbøkene og kjeldegrunnlaget deira finn stad ved Språksamlingane og IT-avdelinga, medan ordbokredaktørane er tilsette ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.
Hovedinnhold
Bokmålsordboka og Nynorskordboka
Universitetet i Bergen og Språkrådet eig standardordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka i fellesskap. Språkrådet avgjer korleis ord skal skrivast og bøyast i bokmål og nynorsk, medan ordbokredaksjonen ved Universitetet i Bergen avgjer kva oppslagsord og opplysingar om tydingar, opphav, faste uttrykk osv. som skal vere med i ordbøkene.
I perioden frå 2018 og ut 2024 går standardordbøkene gjennom ein omfattande innhaldsrevisjon. Dei tre hovudmåla i prosjektet er å få inn nye ord og tydingar, sørgje for at innhaldet er i tråd med moderne språkbruk og gjere ordbøkene likare i ordutval og omfang. Prosjektet er finansiert av Kulturdepartementet.
Aktuelle lenkjer:
Nettsida til standardordbøkene: http://ordbøkene.no
Revisjonsprosjektet: https://revisjonsprosjektet.no
Open digital lisens for Bokmålsordboka og Nynorskordboka: https://www.uib.no/ub/fagressurser/spesialsamlingene/142334/lisens-bokm%C3%A5lsordboka-og-nynorskordboka
Spørsmål og kommentarar til standardordbøkene kan sendast til ordbok@uib.no
Norsk Ordbok
Norsk Ordbok er det store dokumentariske ordbokverket for nynorsk og ein unik kombinasjon av historisk ordbok og dialektordbok. Som dokumentasjonsordbok dekkjer Norsk Ordbok både nytt og gammalt ordtilfang, ord som berre er registrert brukt i talemåla og dessutan ord som er gått ut av bruk. Ordboka byggjer på eit stort kjeldegrunnlag, og det meste av grunnlagsmaterialet er digitalt tilgjengeleg.
Norsk Ordbok har vore under arbeid i nærmare 100 år, og dei eldste delane blei skrivne så langt tilbake som på midten av 1900-talet. I revisjonsprosjektet Norsk Ordbok a–h (NO-AH) oppdaterer ein dei eldre delane av ordboka, og ein arbeider med å gjere heile ordboka tilgjengeleg på nett. Prosjektet er finansiert av Kulturdepartementet og skal etter planen gå i perioden frå 2019 til 2029.
Aktuelle lenkjer:
Nettsida til Norsk Ordbok: http://norsk-ordbok.no
Prosjektet Norsk Ordbok a–h: https://www.uib.no/lle/138863/norsk-ordbok-h-no-ah
Metaordboka: https://inger.uib.no/perl/search/search.cgi?appid=7&tabid=571
Setelarkivet: https://inger.uib.no/perl/search/search.cgi?appid=8&tabid=436
Ordbokhotellet: https://inger.uib.no/perl/search/search.cgi?appid=118&tabid=1777
Spørsmål og kommentarar til Norsk ordbok kan sendast til norskordbok@uib.no
Norsk ordbank
Norsk ordbank er ein database der grunnord er kopla til bøyingsmønster. Ordbanken inneheld ein bokmålsdel og ein nynorskdel. På grunnlag av informasjonen i ordbanken kan ein vise bøyingsmønster for det enkelte ordet i ordbøkene, slik Bokmålsordboka og Nynorskordboka gjer i dag. Sidan 2011 har Norsk ordbank vore tilgjengeleg via fri lisens i Språkbanken, og han blir brukt i språkteknologiske løysingar som stavekontrollar og taggarar.
I dag eig Universitetet i Bergen og Språkrådet ordbanken i fellesskap. Databasen blei utvikla i samband med Taggerprosjektet (1996–1998), finansiert av Noregs forskingsråd. Fleire miljø ved Universitetet i Oslo var involvert i utviklinga av basen: Dokumentasjonsprosjektet, Tekstlaboratoriet ved Institutt for lingvistiske fag og Seksjon for leksikografi og målføregransking ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap. Også Norsk språkråd deltok i utviklinga av basen. Norsk ordbank blei laga på grunnlag av:
· ordlister og bøyingsmønster for bokmål og nynorsk laga ved IBM Norge
· oppslagsord og bøyingsopplysningar frå Bokmålsordboka og Nynorskordboka laga ved ILN, UiO
· argumentstrukturkodar laga av NorKompLeks ved NTNU
Aktuelle lenkjer:
Norsk ordbank i Språkbanken: https://www.nb.no/sprakbanken/ressurskatalog/?_search=Norsk%20ordbank