Home
University of Bergen Library

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Avtale om tilgjengeleggjering av masteroppgåve i BORA

Informasjon og avtale om tilgjengeleggjering av masteroppgåve i BORA.

Main content

Alle masterstudentar ved Universitetet i Bergen vert oppfordra til å gjere masteroppgåva si tilgjengeleg i BORA. Universitetsbiblioteket får ikkje den trykte oppgåva, så BORA er den einaste staden oppgåva kan gjerast tilgjengeleg for andre.

Fordelar med å gjere masteroppgåva tilgjengeleg i BORA:

  • Du kan spreie oppgåva di til andre på ein enkel og effektiv måte.
  • Oppgåva vil verte søkbar gjennom nasjonale og internasjonale søkemotorar og bibliotekkatalogar.
  • Oppgåva får ei permanent lenke som vil gje tilgang til oppgåva også i framtida.

 

Klarering av rettigheiter:

Har du bilete teke av andre i oppgåva? Ver merksam på at det er ditt ansvar å klarere rettigheitene til desse. Du må spørje om løyve til å bruke andre sine bilete, dersom det ikkje er gjeve løyve gjennom ein lisens som fylgjer med biletet (t.d. Creative Commons).

Publisering:

Skal du publisere oppgåva som bok eller artikkel hjå eit forlag? Då må du sjekke utgjevar sine retningsliner for tilgjengeleggjering i eit institusjonelt arkiv (som BORA) før du legg ho ut. Nokre utgjevarar tillet ikkje at bidraget også er tilgjengeleg i eit institusjonelt arkiv.

Hausting av metadata frå BORA:

BORA vert hausta av søkemotorar og bibliotekskatalogar, for at innhaldet i BORA skal verte søkbart også der. Dersom oppgåva vert trekt tilbake frå BORA, kan det ta noko tid før informasjonen om oppgåva vert vekke frå eksterne nettsider. Informasjonen vil verte fjerna neste gong søkemotoren/katalogen haustar BORA. 

Masteroppgåva vert gjort tilgjengeleg under fylgjande føresetnadar:

  • Avtalen gjeld mellom Universitetsbiblioteket (UB) og forfattar.
  • Avtalen gjev UB, på vegne av Universitetet i Bergen (UiB), rett til å tilgjengeleggjere forfattaren si masteroppgåve i BORA.
  • Alle oppgåver vert tilgjengelege med forfattar sitt namn, dette gjeld også oppgåver med anonym sensur.
  • Forfattar beheld opphavsretten, og har rett til når som helst å trekke tilbake masteroppgåva si frå BORA.
  • Oppgåva vil vere opent tilgjengeleg på internett så lenge UiB har eit ope institusjonelt arkiv i drift.
  • Forfattar har ansvar for å klarere rettigheitene til materiale i oppgåva (illustrasjonar, grafar, bilete og liknande).
  • Verket kan brukast, det vil seie visast til, lenkast til, siterast frå, skrivast ut og lastast ned, innanfor dei rammer som lov om opphavsrett til åndsverk (åndsverkloven) med endringar gjev.
  • UiB kan ikkje utnytte verket økonomisk.

 

Versjon 1.1 (gjeldande frå 02.05.24)