HF-demokratiet
Universitetet i Bergen med tilhøyrande fakultet og institutt vert styrt med demokratisk deltaking av tilsette og studentar. Kvar vår er det val på mellombels tilsette og studentar.
Main content
Våren 2024 er det val på representantar til fakultetsstyret og instituttråda for gruppa mellombels vitskapleg tilsette (gruppe B) og studentar (gruppe D). Meir om valet her. |
Om HF-demokratiet
Tilsette og studentar vel personar til leiarfunksjonar og representantar til styringsorgan ved fakultet og institutt.
Dekanen er den øverste faglege leiaren ved fakultetet. Dekanen vert vald for fire år saman med prodekanen. Dekanen er leiar av fakultetsstyret.
Fakultetsstyret er fakultetets øverste styringsorgan, og har elleve medlemmer. Fakultetsstyret fattar blant anna vedtak om strategiske planar for forskning og utdanning, budsjett og tilsettingar.
Instituttråda er dei øverste representative organa ved institutta og skal behandle og gjere vedtak på viktige saksfelt, på vegne av institutta.
- Instituttrådet ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
- Instituttrådet ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
- Instituttrådet ved Institutt for framandspråk
- Instituttrådet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
Om vala
Tilsette og studentar ved Det humanistiske fakultet vel dekan, medlemmer til fakultetsstyret og til instituttråda. Vala vert gjennomførde om våren.
Som veljar kan du påverke ikkje berre ved å stemme, men også ved å fremje kandidatar. Det er du som veljar som må foreslå kandidatar til styre og råd.
Styre og råd skal ha medlemmer vald av og blant:
- Gruppe A: Fast tilsette i vitskapeleg stilling
- Gruppe B: Mellombels tilsette i vitskapeleg stilling
- Gruppe C: Teknisk og administrativt tilsette
- Gruppe D: Studentar
Representantane for gruppe A og C vert vald for ein fireårsperiode. Dei valde medlemma sit no for fireårsperioden august 2021–juli 2025.
Representantane for gruppe B og D vert vald for ein eittårsperiode. Dei valde medlemma sit no for perioden august 2023–juli 2024.
Val våren 2024
Våren 2024 vert det val på representantar til fakultetsstyret og instituttråd for gruppa mellombels vitskapleg tilsette (gruppe B) og studentar (gruppe D) for perioden 01.08.2024 til 31.07.2025.
Valresultat våren 2023
Våren 2023 blei det vald representantar for gruppe B (mellombels tilsette i forskar- og undervisningstilling) og gruppe D (studentar) til fakultetsstyret og instituttråda for perioden 01.08.23–31.07.24.
Valresultat for fakultetsstyret
Kandidatar frå gruppe B – mellombels vitenskapeleg tilsett
- Tijana Przulj (medlem)
- Anna-Marie Kjøde Olsen (vara)
- André Eilertsen (vara)
Kandidatar frå gruppe D – studentar
- Morten Mellesdal Petterteig (medlem)
- Fredrik Jojansen (medlem)
- Trine Dyngeland Klyve (medlem)
- Kimberly Nyborg (vara)
- Edward Alexander Smokvina Jakobsen (vara)
- Bharzinia Das (vara)
- Solveig Solli Reinsli (vara)
- Nora Nyhagen Opsahl (vara)
Valresultat for instituttråda
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Gruppe B – mellombels vitenskapeleg tilsett
- Anders Fylling (medlem)
- Tonje Louise Skjoldhammer (vara)
- Marte Færevåg Wetteland (vara)
Gruppe D - studentar
- Yrja Skjærum (medlem)
- Håkon Kristoffer Stokke (medlem)
- Emilie Kampen Kolberg (vara)
- Silje Mæland Nesheim (vara)
- Hanneli Sandbrekken (vara)
- Viljar Solberg (vara)
- Hanne Harms Ødeby (vara)
Institutt for framandspråk
Gruppe B – mellombels vitenskapeleg tilsett
- Kristine Seljemoen (medlem)
- Craig Grocott (vara)
- Julia Christine Marinaccio (vara)
Gruppe D – studentar
- Ronja Roti Johannesen (medlem)
- Belinda Munoz Solheim (medlem)
- Eirik Haaland Tiller (medlem)
- Christine Mowinckel Fagg (vara)
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Gruppe B – mellombels vitenskapeleg tilsett
- Grethe Melby (medlem)
- Anna-Marie Kjøde Olsen (1. vara)
- Johannes Grytnes (2. vara)
Gruppe D – studentar
- Ekaterina Vybornova (medlem)
- Sandra Sandnes (medlem)
- Adam Erik Soot Nilsson (medlem)
- Andre medlemmer i instituttutvalget (varaer)
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
Gruppe B - mellombels vitenskapeleg tilsett
- Marilù Papandreou (medlem)
- David Chelsom Vogt (1. vara)
- André Eilertsen (2. vara)
Gruppe D - studentar
- Frøya Lothe (medlem)
- Fredrik Johansen (medlem)
- Johan Wilhelm Holmström Ulla (medlem)
- Andre medlemmer i instituttutvalget (varaer)