Home
The University Gardens

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Arboretet/ Gamlehagen

Vårkrokus (mildekrokus) Crocus vernus

Dei første mildekrokusane viste seg i forrige veke. No i midten av mars er bløminga spesielt fin saman med snøklokkene på innsida av muren ved Fana folkehøgskule. For mange er dette er kjært vårteikn.

Mildekrokus
Mildekrokus (Crocus vernus) blømer no i Gamlehagen ved Fana folkehøgskule.
Photo:
Bjørn Moe

Main content

Byrjinga på mars har vore lovande med sol og mildvêr – ideelt for å vekke til live dei lyseblå krokusblomane. Dei tidlegaste kom i ei sørvendt skråning innafor muren til Gamlehagen ved Folkehøgskulen. Etterkvart vil heile hagen verta dekt av blømande krokus, både på innsida og utsida av muren. Om mildvêret held fram vil årets krokusbløming være på topp frå midten av mars og utover. Mange har blitt fascinert av det intense, blå blomsterteppe, ikkje minst Zinken Hopp som har skreve at "det virker som et stykke av himmelen skulle ha falt ned".

Vårkrokus veks naturleg i eit stort område i fjellstrøka søraust i Europa, frå Italia til Ukraina. Den er innført til Milde, men når og korleis han kom, veit vi ikkje. Vi veit at hagen er gammal, med dei eldste spora tilbake til før år 1700, og kanskje har krokusen ei historie tilbake til den tida?  Krokusen kan vere så gamal at den stammer frå Norges første krokus som vart send frå Clusius i Leiden til stadsfysikus Henrik Høyer i Bergen 1597. Variasjonen i blomstrane og farge på griffelen tyder på genetisk variasjon i materialet på Milde. Frøa er godt spiredyktige, men det går lang tid frå frøsetting til bløming, minst fem år.