Home
University of Bergen Library

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Foredrag

Kort introduksjon til Sovjetunionen

portrett
Photo:
Privat

Main content

Kåre Johan Mjør har nettopp publisert boka Kort introduksjon til Sovjetunionen, som er ei aktuell og oppdatert framstilling av Sovjetunionens historie, frå revolusjonane i 1917 og unionsavtalen i 1922, til oppløysinga i 1991. Sovjetunionen var eit heilt sentralt kapittel i europeisk og global 1900-talshistorie, og verda er framleis prega av arven frå unionen, 30 år etter at han forsvann. I dette føredraget vil du få høyra meir om kvifor det framleis er viktig å studera Sovjetunionen, kva som er dei viktigaste etappane og trekka ved sovjetisk historie, og kva som kan ligga i uttrykket «den sovjetiske arven».

Kåre Johan Mjør er førstelektor i russisk ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen og førstebibliotekar ved Høgskulen på Vestlandet.