Home
Employee Pages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Oppretting og mal for ph.d.-emnebeskriving

Ph.d.-utdanninga ved UiB består av ein opplæringsdel og ein avhandlingsdel. Opplæringsdelen består av emne og kurs, både obligatoriske og valfrie. I fakulteta sine ph.d.-programbeskrivingar finn ein detaljer om krav og struktur som gjeld for opplæringsdelen i dei ulike ph.d.-programma.

Illustrasjon med person, grafer og diagram
Photo:
Colourbox.com

Main content

Emne oppretta ved UiB er omfatta av ein formell vurdering, og har studiepoeng knytt til seg som mål for omfanget av kandidatane sitt arbeid. Ei emnebeskriving er ein spesifikk plan for eit emne.  

Ph.d.-studium ved UiB er regulerte gjennom UiB sine ph.d.-forskrifter og gjennom nasjonale krav som ligg til grunn.  

Fakultetet sjølv har ansvar for å opprette nye ph.d.-emne.

Oppretting av ph.d.-emne

  1. Instituttet/forskarskulen sender ei kort søknad om oppretting av eit ph.d.-emne, med forslag til emnebeskrivingar etter malen. Emneinformasjonen skal være på det språk som blir brukt under emnet/kurset. Fakulteta sjølv bestemmer fristar for søknad om oppretting av ph.d.-emne. EpN (Emneplanlegging på nett) har eit eige årshjul og fristar som er tilgjengeleg på UiB sine nettsidar: EpN – Emneplanlegging på nett

  2. Søknaden behandlast av fakultetets ph.d.-programstyre eller tilsvarande organ.

  3. Fakultetet opprettar godkjente ph.d.-kurs i Felles studentsystem (FS).