Home
Faculty of Medicine

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Bjørn Tore Gjertsen fekk Helse Vest sin forskingspris

Professoren ved Klinisk institutt 2 mottek prisen for sitt mangeårige forskingsarbeid på blodkreft.

Dekan Per Bakke, med prisvinner Gjertsen, Pinar Heggenes og Eivind Hansen.
Dekan Per Bakke saman med prisvinner Bjørn Tore Gjertsen, Pinar Heggernes og administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen.
Photo:
Jorunn Busk / Helse Bergen

Main content

Forskingsprisen blei delt ut på forskingskonferansen i Helse Vest 31. oktober, skriv Helse Vest på sine nettsider. Førstnemnde gjekk til Bjørn Tore Gjertsen, professor ved Klinisk institutt 2. Han blei tildelt forskingsprisen i Helse Vest for den viktige forskinga si på blodkreft, spesielt akutt myeloid leukemi (AML).

Gjertsen sitt arbeid har ført til betre behandling av AML-pasientar gjennom avanserte analysar av enkeltceller og signalvegar. Dette har forbetra både diagnostikk og behandling.

Inger Thune ved Universitetet i Oslo leiar priskomiteen:

– Han har klart å kombinere grunnforsking med praktisk behandling. Arbeidet hans har forbetra behandlinga for pasientar med akutt myeloid leukemi og har vært banebrytande, seier professor Inger Thune til journalisten i Helse Bergen. 

Gjertsen har også bygd opp eit sterkt forskingsmiljø og eit breitt samarbeid mellom grunnforskarar og klinikarar. Dette samarbeidet har vore viktig for framstega innan leukemibehandling.