Friluftslivets år 2025 på Milde
Opning av Friluftslivets år 2025 på Milde med omvising på Arboretet, og stort bål og underhaldning i friluftslivsområdet Steingardsvikane!
Main content
Lyst til å lære meir om kva som veks i Arboretet, høyre om plantar som kjem frå andre sida av jorda?
Ei liten fottur ved det vakre Mildevatnet til Steingardsvikane, og gratis mat og underhaldning i hyggjeleg sosialt samver?
Då må du leggje turen til Milde laurdag 18. januar for å delta på opninga av Friluftslivets år 2025!
Eit gratis og ope arrangement for alle i regionen, og vi venter storfint besøk med fleire gjester. Arrangementet passer for alle, men merk at tilkomst til friluftslivsområdet Steingardsvikane er på sti eller sjøvegen.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Bergen og omland friluftsråd (BOF) og Stiftelsen Det norske Arboret med fleire frivillige organisasjonar med Vestland Innvandrarråd, Hjellestad og Milde Grendalag, Arboretets venner og fylkeskystlaget. Universitetshagane, som har det faglege ansvaret for artssamlingane ved Arboretet, vil bidra med omvising i hagane.
Program for opning av Friluftslivets år 2025
Kl. 12:00 Oppmøte på Arboretet på Milde, omvising i hagane inkl. tropisk avdeling
Arboretets venner og Universitetshagane/UiB viser rundt i hagane – mykje fint å sjå også vinterstid, og det er eit viktig friluftslivområde for regionen. Vi vil også ta turen innom tropisk avdeling for å oppleve det rike mangfaldet der.
Kl. 14:00 Kort gåtur frå Arboretet til Steingardvikane på Milde (ca. 30 min) langsmed godt tilrettelagt sti ved Mildevatnet.
Kl. 14:30 Offisiell opning av Friluftslivets år 2025 – friluftsområdet Steingardvikane på Milde. Her er det kome ein ny, flott padlehuk som vi gjerne også vil opne for allmenta.
‘Heile Noreg bålar’ – stort bål på stranda
Taler, underhaldning og musikk
Gratis varm drikke og mat på bålpanner
På Arboretet er det breie turvegar som er tilgjengeleg for alle, turstien til friluftslivsområdet Steingardsvikane går på sti og kloppar. Ein kan evt. kome sjøvegen om det er lettare. Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon om tilkomst og arrangementet, kontaktperson er Helene Ødven, helene.odven@uib.no
Ta Bybanen frå Bergen sentrum til Birkelandskiftet, og bytt til buss nummer 53. Siste stopp, "Milde snuplass (Bergen)", er like ved Bergen Botaniske hage; nest siste stopp, "Fana Folkehøgskule", er nærmast Arboretet og Blondehuset. Gratis parkeringsplassar ved Dalsmyra, Mildevågen og Botanisk hage v/ Vågelva. Det er også handikap-parkering i krysset ved Litle Milde og ved Grønevika badeplass.
Velkommen!